«Trampled Under Foot» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå albumet Physical Graffiti frå 1975.
Oversyn Songen vart skriven av Robert Plant, Jimmy Page og John Paul Jones, og vart utvikla ut frå ein jam i 1972.Godwin, Robert (2003), Led Zeppelin: The Press Reports, Collector's Guide Publishing, ISBN 1-896522-41-6 s. 321 Teksten var inspirert av bluesartisten Robert Johnson sin «Terraplane Blues» frå 1936.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Ein Terraplane er ein klassisk bil, og songen nyttar bildelar som metaforar for sex, «pump your gas», «rev all night», osv.Trampled Underfoot av Led Zeppelin Songfacts
Mykje av innøvinga av songen gjekk ut på å gjere det harde funk-riffet som dominerer songen perfekt. John Paul Jones har nemnd Stevie Wonder som inspirasjon for rytmen («Superstition», 1973), som han spelar på clavinet.Snow, Mat, “The Secret Life of a Superstar”, Mojo magazine, desember 2007. I lag med ein solid rytme frå Bonham, vart songen seinare remiksa og BBC-programmet Old Grey Whistle Test, synkroniserte songen med svart-kvitt-filmklipp av jenter som dansa. Gitarist Jimmy Page spelte wah-wah og som produsent nytta han baklengsekko på innspelinga.Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview , Modern Guitars, 25 May 2007 (opphavleg juli 1977, i Guitar Player).
«Trampled Under Foot» vart ein standard under konsertane til Led Zeppelin frå 1975 og frametter, og vart spela på kvar turne fram til 1980. Han vart òg spela på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007. Då songen vart spela live, strekte dei han ofte ut med lengre gitar- og klaversoloar og stundom la Plant til tekst frå songen «Gallows Pole».
I lag med «No Quarter» fekk Jones synt seg fram som ein dyktig klaverspelar på «Trampled Under Foot» under konsertane. Eit døme på dette frå Earls Court Arena i 1975 er gjeve ut på Led Zeppelin DVD.
«Trampled Under Foot» vart mykje spela på radio då han kom ut og singelen nådde 38. plass i USA.
Lovord PublikasjonLandLovordÅrRangering Melody Maker Storbritannia Årets song 1975 2 Radio Caroline Storbritannia Top 500 Tracks 1999 398
Medverkande Robert Plant – vokal Jimmy Page – gitarar John Paul Jones – bassgitar, clavinet John Bonham – trommer
Andre versjonar 1992: Michael Hall (Love Is Murder) 1997: The Honeymoon Killers (Sing Sing (1984–1994) [recorded 1984]) 1999: Eric Gales (Whole Lotta Blues: Songs of Led Zeppelin) 2003: various artists (A Bluegrass Tribute: Pickin' on Led Zeppelin, Volume II) 2005: Hampton String Quartet (Take No Prisoners!) 2005: Tracy G (Hip Hop Tribute to Led Zeppelin) 2006: Greg Reeves & Eric Stock (Dub Tribute to Led Zeppelin) 2007: Vanilla Fudge (Out Through the in Door) 2007: Zepparella (A Pleasing Pounding) 2008: Chuck Bonnett (Misty Mountain Hop: A Millennium Tribute to Led Zeppelin)
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trampled Under Foot» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Funkrocksongar Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av John Paul Jones Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Swan Song Records-singlar