300-talet såg ei styrking av kristendommen, som blei statsreligion i fleire land, mellom anna Romarriket. Riket blei i dette hundreåret delt i ein austre del, styrt frå Konstantinopel, og ein vestre del, styrt frå Roma. Både Romarriket og Persarriket blei invadert av nomadstammar som hunarar og gotarar.
I Korea oppstod truleg «dei tre kongedøma», Baekje, Goguryeo og Silla, i dette hundreåret.
Hendingar
Armenia blei det første landet som gjorde kristendom til statsreligion, i 301. Etiopia gjorde det same rundt 320. Konstantin den store (regj. 306–312) blei den første kristne keisaren i Romarriket. Theodosius erklærte kristendommen som statsreligion i 391.
Dei olympiske leikane blei forbodne av den romerske keisaren i 393.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «4th century» frå , den 6. januar 2008.
03