Bardon Hill, nær Coalville, er det høgaste punktet i det engelske grevskapet Leicestershire og National Forest, 278 meter over havet. Åsen har to særeigne sider. Den eine er bevart som ein site of special scientific interest (SSSI), og den andre er eigd av Bardon Hill Quarry, eit dagbrot. Det står òg ei radiomast på åsen. Den nest høgaste åsen i Leicestershire er den nærliggande Beacon Hill.
«Bardon Hill» var òg namnet på ein landsby som låg sørvest for åsen. Det meste av landsbyen er no øydelagd.
Det har vore drive dagbrot på Bardon Hill sidan minst 1622, men arbeidet startar først på større skala i 1857. Leicester and Swannington-banen opna i 1832 og vart overtatt av Midland Railway i 1845Clinker, C.R. (1977) The Leicester & Swannington Railway Bristol: Avon Anglia Publications & Services. Reprinted from the Transactions of the Leicestershire Archaeological Society Volume XXX, 1954., og gjekk like ved Bardon Hill. Dette gjorde at ein lett kunne transportere granitt bort frå dagbrotet. Det vert i dag eigd av Aggregate Industries.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bardon Hill» frå , den 24. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Potter, T. R. (1842) The History of Charnwood Forest. - The Villages of the District. London: Hamilton, Adams and Co. Reprinted by David Dover, Loughborough Curtis, John (1831) A Topographical History of the County of Leicester. Ashby-de-la-Zouch: W. Hextall; p. 9
Bakgrunnsstoff Leicester Climbs - Bardon Hill Aggregate Industries - Bardon Hill Quarries 1858 - 1918 The Origins of Leicester – An Arthurian Association?
Kategori:Åsar i Leicestershire Kategori:Site of Special Scientific Interest i England