«You Shook Me» er ein bluessong skriven av Willie Dixon og J. B. Lenoir. Earl Hooker spelte han først inn som ein instrumental, før Muddy Waters i 1962 song inn vokal på instrumentalen.

Singelen er med Muddy Waters på vokal, J.T Brown Ernest Cotton på tenorsaksofon, Johnny «Big Moose» Walker på orgel, Earl Hooker på gitar, Willie Dixon på bass og Casey Jones på trommer.

Led Zeppelin-versjonen

Songen er spelt inn av fleire andre artistar, mellom andre Jeff Beck på albumet Truth (1968), men mest kjend av det engelske rockebandet Led Zeppelin på debutalbumet Led Zeppelin (1969).

Sidan Led Zeppelin spelte inn si utgåve i 1969, berre få månader etter Beck, skulda han dei for å ha stole ideen hans. Dette i lag med den generelle likskapen mellom Led Zeppelin og Truth, førte til ein lang splid mellom Beck og Jimmy Page.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Beck og Page hadde vore vener i mange år før det, og hadde spelt i lag som medlemmer av The Yardbirds.Dave Schulps, Intervju med Jimmy Page , Trouser Press, Oktober 1977. Interessant nok hadde bassist og klaverspelar i Led Zeppelin, John Paul Jones spela orgel på utgåva til Beck, då han jobba som studiomusikar før han byrja i Led Zeppelin.

I eit intervju i 1977, sa Page:

I eit anna intervju i 1977 sa Page:

Beck sa at då han først høyrte at Page hadde spelt inn songen, så var det Page sjølv som spelte songen for han:

På Led Zeppelin-innspelinga spelar Jones både orgel og elektrisk piano. Page nyttar teknikken sin med «baklengs ekko» mot slutten av songen med Robert Plant sin skrikande vokal og gitaren. Denne produksjonsteknikken gjekk ut på at ein høyrer ekkoet før sjølve lyden, i staden for etter lyden. Dette får ein til ved å snu lydbandet, ta opptak av ekkoet på eit ledig lydspor, så snu lydbandet for å få ekkoet før lydsignalet. Page utvikla denne ideen på singelen «Ten Little Indians» med The Yardbirds i 1967.Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, Januar 1998.

«You Shook Me» var ein av dei første Led Zeppelin-songane med call-and-response-effekten frå blues, ein stil bandet ofte nytta i studio og på konsertar sidan. Jimmy Page nyttar ein slidegitar på denne songen og songen opnar med eit bluesriff liknande Elmore James. Kanskje det var fordi songen syner talenta til alle dei fire bandmedlemmane at songen vart mykje spela på dei tidlege konsertane deira. Frå 1973 vart derimot songen sjeldan spelt. Stundom var songen ein del av «Whole Lotta Love».

Jimmy Page spela songen då han turnerte med The Black Crowes i 1999.

Medverkande Robert Plant - vokal, munnspel Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, orgel, elektrisk piano John Bonham - trommer

Andre versjonar 1968: Jeff Beck (Truth) 1970: Willie Dixon (I Am the Blues) 1993: B. B. King (Blues Summit) 1995: Mick Taylor (Live at 14 Below: Coastin' Home [konsert 1995]) 1996: The Blues Band (Homage [konsert 1993]) 1997: Killer Whales (Shredzilla) 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek) 2002: Lisa Ferguson (Livin' Lovin' Played: A Led Zeppelin Tribute) 2004: George Lynch (Furious George) 2008: Artimus Pyle (Led Box: The Ultimate Led Zeppelin Tribute)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «You Shook Me» frå , den 21. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7 The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, by Dave Lewis, ISBN 0-7119-3528-9

Kategori:Bluessongar Kategori:Willie Dixon-songar Kategori:Muddy Waters-songar Kategori:Jeff Beck-songar Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1962