Rainbow Bridge er det femte studioalbumet til Jimi Hendrix, gjeve ut i oktober og november 1971. Det var det andre albumet som kom ut etter Hendrix døydde og vart miksa og sett saman av Eddie Kramer, John Jansen og Mitch Mitchell. Det har aldri vorte gjeve ut på CD i denne forma.

Oversyn Rainbow Bridge i lag med The Cry of Love utgjer mesteparten av songane som Hendrix hadde planar om å gje ut som det neste albumet sitt, eit dobbeltalbum kalla First Rays of the New Rising Sun. Alle songane var skrivne av Hendrix, bortsett frå «The Star-Spangled Banner», og spelte inn mellom 1969 og 1970, utanom «Look Over Yonder», som vart spelt inn i 1968. Albumet var det andre som produsent Kramer og Mitchell, med hjelp av Jansen, sette saman, og det vart igjen godt motteke. Det nådde 15. plass i USA og 16. plass i Storbritannia. «Dolly Dagger» vart gjevne ut som singel i USA, men nådde berre 74. plass. Fire songar frå Rainbow Bridge finst på samlinga First Rays of the New Rising Sun frå 1997. To andre songar finst på South Saturn Delta frå 1997.

Innhald

Medverkande Jimi Hendrix – gitar, solovokal, korvokal Mitch Mitchell – trommer Billy Cox – bass Juma Sultan – congatrommer, perkusjon Albert Allen – korvokal på spor 1 Buddy Miles – trommer på spor 2 og spor 4, korvokal på spor 2 The Ronettes (Veronica Bennett, Estelle Bennett, Nedra Talley) – korvokal på spor 2 Noel Redding – bass på spor 6

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rainbow Bridge (album)» frå , den 16. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Jimi Hendrix-album