Eric Patrick Clapton () er ein engelsk gitarist, vokalist og låtskrivar. Clapton er den einaste musikaren som er innlemma tre gonger i Rock and Roll Hall of Fame: ein gong som soloartist, og to gonger som medlemmar av The Yardbirds og Cream. Clapton har vorte kalla ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane gjennom tidene. Clapton vart rangert på fjerdeplass på lista til Rolling Stone då dei kåra dei 100 største gitaristane gjennom tidene og på lista til Gibson over dei 50 største gitaristane. Han har motteke 17 Grammyprisar,Eric Clapton, All Music: Grammy Awards Henta 13. mars 2011 og i 2004 vart Clapton utnemnd til Commander of the British Empire (CBE) for bidraga sine til musikken.Ex-rebel Clapton receives his CBE The Telegraph Henta 13. mars 2011
På midten av 60-åra forlet Clapton The Yardbirds for å spele blues med John Mayall & the Bluesbreakers. I året han var med Mayall, fekk Clapton kallenamnet «Slowhand», og ein graffiti i London erklærte at «Clapton is God». Like etter at han forlet Mayall danna Clapton powertrioen Cream i lag med trommeslagar Ginger Baker og bassist Jack Bruce, der Clapton spelte lange bluesimprovisasjonar og «kunstferdig, blues-basert psykedelisk pop». Gjennom det meste av 70-åra spelte Clapton musikk påverka av den rolege stilen til J.J. Cale og reggaemusikken til Bob Marley. Versjonen hans av Marley sin «I Shot the Sheriff» var med på å få reggaen ut til dei store massane.Inductee: Eric Clapton. Rock and Roll Hall of Fame. 23. februar 2010. To av dei mest populære songane hans er «Layla», spelt inn av Derek and the Dominos, og Robert Johnson sin «Crossroads», spelt inn av Cream. I 1998 grunnla Clapton, som var tidlegare alkohol- og heroinmisbrukar, Crossroads Centre på Antigua, eit medisinsk senter for tidlegare stoffmisbrukarar.
Karriere Tidlege år Eric Patrick Clapton vart fødd i Ripley i Surrey i England, som son av den 16 år gamle Patricia Molly Clapton (f. 1929) og Edward Walter Fryer (f. 1920), ein 24 år gammal soldat frå Montreal i Quebec.Harry Shapiro (1992) Eric Clapton: lost in the blues s.29. Guinness, 1992 Fryer vart sendt ut i krigen før Clapton vart fødd og reiste heim att til Canada. Clapton voks opp hos bestemora, Rose, og den andre ektemannen hennar, Jack, og trudde dei var foreldra og mora hans ei eldre syster. Etternamnet deira var Clapp, noko som har ført til eit feilaktig inntrykk av at det verkelege etternamnet til Clapton er Clapp (Reginald Cecil Clapton er namnet til den første ektemannen til Rose, bestefaren til Eric Clapton på morssida).Ladies and gentlemen, Eric Clapton msnbc Henta 13. mars 2011 Fleire år seinare gifta mor hans seg med ein annan kanadisk soldat,Profiles in Popular Music s.71. Sura Books, 2005. Henta 13. mars 2011 flytte til Canada, og etterlet den unge Eric med besteforeldra i Surrey.
Clapton fekk ein akustisk Hoyer-gitar, laga i Tyskland, som gåve til 13-årsdagen sin, men det billige stålstrenga instrumentet var vanskeleg å spele på og han mista ei stund interessa, Bob Gulla (2008) Gitar Gods: The 25 Players Who Made Rock History s.40-41. Henta 13. mars 2011 før han to år seinare henta han fram igjen og starta å spele konstant. Clapton var påverka av blues frå tidleg alder og øvde mange timar på å lære akkordane på bluesmusikken han hadde høyrt på, og spelte i lag med platene.Clapton, Eric (2007) Eric Clapton: The Autobiography s.22. Century, 2007
Etter å ha slutta skulen i 1961, studerte Clapton ved Kingston College of Art, men vart sendt vekk mot slutten av semesteret fordi han fokuserte meir på musikk enn kunst. Gitarspelinga hans hadde vorte så pass avansert då han var 16 at folk byrja å legge merke til han. På denne tida byrja Clapton som gatesongar kring Kingston, Richmond og West End of London.Welch, Chris (1994) Extract I 1962 starta Clapton å spele i ein duett med bluesentusiasten David Brock i pubar kring Surrey.Thompson, Dave (2006) Cream: How Eric Clapton Took the World by Storm s.31-32. Virgin Books, 2006 Då han var 17 år gammal vart Clapton med i det første bandet sitt, ei tidleg britisk R&B-gruppe kalla The Roosters, der den andre gitaristen var Tom McGuinness. Han vart verande i dette bandet frå januar til august 1963.Eric Clapton: Biography Rolling Stone Henta 13. mars 2011 I oktober same året spelte Clapton sju konsertar i lag med Casey Jones & The Engineers.
1960-åra The Yardbirds og the Bluesbreakers
I oktober 1963 vart Clapton med i The Yardbirds, eit blues-påverka rock and roll-band, og vart verande med dei fram til mars 1965. Med å blande påverknader frå Chicago-blues og leiande bluesgitaristar som Buddy Guy, Freddie King og B. B. King, skapte Clapton ein særeigen stil og vart raskt ein av dei mest omtalte gitaristane i det britiske musikkmiljøet.Romanowski, Patricia (2003) Bandet spelte i starten bluessongar frå Chess/Checker/Vee-Jay og byrja å få ein stor tilhengjarskare som følgde dei, då dei tok over som hus-band etter Rolling Stones i Crawdaddy Club i Richmond. Dei turnerte England med den amerikanske bluesmannen Sonny Boy Williamson II; og spelte inn eit album i lag med han, i desember 1963, som vart gjeve ut seinare under namnet til dei begge, i 1965. I mars 1965, samstundes med at Clapton forlet bandet, fekk dei den første hitten sin, «For Your Love», der Clapton spelte gitar.
Det var i denne tida at rytmegitaristen i Yardbirds, Chris Dreja, hugsa at kvar gong Clapton sleit ein gitarstreng under ein konsert, så vart han verande på scenen for å skifte han. Det engelske publikummet sat og venta med å gjere det som vert kalla «langsam klapping» («slow handclap» på engelsk). Clapton fortalde den offisielle biografen hans, Ray Coleman, at «kallenamnet mitt 'Slowhand' kom frå Giorgio Gomelsky. Han gav meg det som eit bra ordspel. Han sa at eg spelte raskt, så han sette i saman orda i slow handclap til Slowhand som eit ordspel.»
Han var musikalsk framleis via til bluesen og Clapton var imot at Yardbirds skulle gå mot ein meir pop-orientert stil, delvis fordi «For Your Love» vart skriven av den innleigde poplåtskrivaren Graham Gouldman, som òg hadde skrive hittar for tenåringsbandet Herman's Hermits, og den radiovenlege musikken til The Hollies. Clapton anbefalte gitaristen Jimmy Page som erstattar, men Page var på denne tida motvillig til å gje opp den lukrative karrieren som frittståande studiomusikar, så Page anbefalte igjen etterfølgjaren til Clapton, Jeff Beck. Sjølv om Beck og Page spelte samstundes i the Yardbirds, spelte aldri trioen Beck, Page og Clapton i lag i bandet. Trioen dukka derimot opp på ein 12 dagar lang turné til inntekt for forsking av multippel sklerose, og på albumet Guitar Boogie.
Clapton vart så med John Mayall & the Bluesbreakers, i april 1965, men slutta nokre månader seinare. Sommaren 1965 reiste han til Hellas med eit band kalla The Glands, der den gamle venen Ben Palmer spelte piano. I november 1965 kom han attende til John Mayall. Det var i den andre perioden hans med Bluesbreakers at den lidskaplege spelinga hans gjorde Clapton kjend som ein av dei beste bluesgitaristane i klubbmiljøet. Sjølv om Clapton vart verdskjend for spelinga si på det viktige albumet Blues Breakers, vart ikkje dette albumet gjeven ut før etter Clapton hadde gått frå Bluesbreakers for godt. Han hadde bytta ut Fender Telecasteren sin og Vox AC30-forsterkaren med ein Gibson Les Paul Standard-gitar frå 1960 og Marshallforsterkar og stilen og spelinga til Clapton inspirerte den mykje publiserte graffitien med det kjende slagordet «Clapton is God». Uttrykket var spraymåla av ein tilhengjar på ein mur på ein undergrunnsstasjon i Islington hausten 1967. Graffitien vart fotografert med ein hund som urinerer på veggen. Clapton skal ha vore flau over slagordet og sa i The South Bank Show i 1987, «eg har aldri akseptert at eg var den største gitaristen i verda. Eg har alltid ønskt å vere den største gitaristen i verda, men det er eit ideal, og eg aksepterer det som eit ideal». Uttrykket byrja å dukke opp i andre område i Islington gjennom 1960-åra.
Cream
Clapton gjekk frå the Bluesbreakers i juli 1966 (og vart erstatta av Peter Green) og starta Cream, ei av dei første supergruppene, med Jack Bruce på bass (frå Manfred Mann, the Bluesbreakers og Graham Bond Organisation) og Ginger Baker på trommer (eit anna medlem av the GBO). Før Cream vart danna, var ikkje Clapton særleg kjend i USA. Han forlet the Yardbirds før «For Your Love» vart ein hit på Topp 10 i USA, og hadde enno ikkje vore der og spela. I tida si med Cream, byrja Clapton å utvikle seg som songar, låtskrivar og gitarist, sjølv om det var Bruce som song dei fleste songane og skreiv dei fleste songane i lag med tekstforfattaren Pete Brown. Den første konserten til Cream var ein uoffisiell konsert i Twisted Wheel i Manchester den 29. juli 1966 før dei heldt ein full konsert to kveldar seinare i the National Jazz and Blues Festival i Windsor. Cream etablerte seg som varige legender med bluesjamming på høgt volum og lange soloar på konsertane sine.
Tidleg i 1967 fekk Clapton sin status som den beste gitaristen i Storbritannia konkurranse av Jimi Hendrix, ein acid rock-aktig gitarist som nytta skrikande feedback og effektpedalar for å skape nye lydar for instrumentet. Hendrix såg ein konsert med det nydanna Cream i Central London Polytechnic den 1. oktober 1966, der Hendrix gjekk på scenen med dei på ein rystande versjon av «Killing Floor», som gjekk dobbelt så raskt som vanleg. Dei store britiske stjernene Clapton, Pete Townshend, og medlemmar frå The Rolling Stones og The Beatles møtte så opp på dei første klubbkonsertane til Hendrix. Dette fekk umiddelbart ein stor effekt på den neste fasen i karrieren til Clapton, sjølv om Clapton framleis vart rekna som den beste gitaristen på britiske musikklister.
Clapton vitja først USA då han turnerte med Cream. I mars 1967 spelte Cream ni konsertar i RKO Theater i New York. Dei spelte inn Disraeli Gears i New York frå 11. til 15. mai 1967. Repertoaret til Cream varierte frå hardrock («I Feel Free») til lange blues-baserte instrumentale jammar («Spoonful»). Disraeli Gears hadde med Clapton på brennande gitarlinjer, den høgtflygande vokalen og den flytande basspelinga til Bruce og den mektige, polyrytmiske og jazz-aktige tromminga til Baker. I lag sikra talenta til Cream at dei vart ein påverkande powertrio.
I løpet av 28 månadar hadde Cream vorte ein stor kommersiell suksess, selde millionar av plater og spelte i heile USA og Europa. Dei omdefinerte instrumentalisten si rolle i rock og var eit av dei første blues-rock-banda som la vekt på musikalsk dugleik og lange jazz-aktige improvisasjonar. Av dei amerikanske hitsingalen deira finn ein «Sunshine of Your Love» (#5, 1968), «White Room» (#6, 1968) og «Crossroads» (#28, 1969) – ein konsertversjon av Robert Johnson sin «Cross Road Blues». Sjølv om Cream vart hylla som eit av dei beste banda i sine dagar, og dyrkinga av Clapton som gitarhelt nådde nye høgder, var lagnaden til supergruppa at det kom til å verte kortvarig. Dop og alkohol eskalerte spaninga mellom dei tre medlemmane og konflikten mellom Bruce og Baker førte etter kvart til at Cream vart oppløyst. Ein bitande kritikk frå Rolling Stone av ein konsert i USA var ein annan viktig faktor til at trioen gav seg, og påverka i tillegg Clapton djupt.Welch, Chris: "Cream" (2000), s. 131