1566 Icarus er ein apolloasteroide (ein underklasse av nærjordsasteroidane) med den uvanlege karakteristikken at perihel er nærare sola enn Merkur; han er ein merkurkryssande asteroide. Han er au ein Venus- og Mars-kryssar.

1566 Icarus flyr forbi jorda kvart 19. år. Sist var i 1997. Ofte kjem han så nær som 6,4 mill. km. Han passerte berre 600 000 km (litt under to gonger så langt unna som månen) frå jorda i 1968.

Han er namnsett etter Ikaros frå gresk mytologi, som flaug for nære sola. Asteroiden blei oppdaga i 1949 av Walter Baade.

1566 Icarus i historier

Icarus er staden i novella Summertime on Icarus (eller 'Icarus Ascending') av Arthur C. Clarke, der ein astronaut er stranda på asteroiden mens han nærmar seg perihel. Icarus er med i novella The Memory of Whiteness av Kim Stanley Robinson. Her er asteroiden busett av ein religiøs kult som ærer den nære passeringa av sola. Ein asteroide namnsett Icarus har ein hovudrolle i den klassiske science fiction-romanen In the Ocean of Night av Gregory Benford.

Kategori:Apollo-asteroidar Kategori:Asteroidar Kategori:S-type-asteroidar Kategori:Oppdagingar av Walter Baade Kategori:Marskryssande asteroidar Kategori:Venuskryssande asteroidar Kategori:Merkurkryssande asteroidar Kategori:Himmellekamar oppdaga i 1949