Agnes Ravatn () er ein skribent, forfattar og omsetjar frå Ølen i Vindafjord. Ho debuterte som forfattar i 2007 med romanen Veke 53. Ho skriv fast for Dag og Tid og Dagbladet og er busett i Valevåg. Ravatn var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2014

Bibliografi

Veke 53 – Roman (2007) Ikke til hjemlån – Høgdepunkt frå fanzina Ikke til hjemlån (2008) Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå – Essay (2009) Folkelesnad – Essay (2011) Fugletribunalet – Roman (2013) Ikkje – Dikt (2013) Operasjon sjølvdisiplin – Sjølvhjelpsbok (2014) Verda er ein skandale. Ei lita bok om livet på landet – Essay (2017) Stoisk uro og andre filosofiske smular – Essay (2018) Dei sju dørene – Roman (2019) Gjestene – Roman (2022)

Heider

Bergensprisen (frå Natt&Dag) for beste bok i 2007 for Veke 53 Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 2008 Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2008 Språkprisen for nynorsk i 2011 for Stillstand og Folkelesnad Hestenes-prisen 2013 P2-lytternes romanpris 2013 for Fugletribunalet Ungdommens kritikerpris 2013 for Fugletribunalet Kåra til ein av de ti beste unge forfattarane i Noreg i Morgenbladets kåring 2015

Referansar

Bakgrunnsstoff Siste nytt om Agnes Ravatn «Agnes Ravatn» av Vibeke Lauritsen på Allkunne

Kategori:Folk frå Vindafjord Kategori:Forfattarar frå Rogaland Kategori:Norske essayistar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2007 Kategori:Nynorskforfattarar