Georg Christoph Lichtenberg () var ein tysk vitskapsmann, satirikar og anglofil. Som vitskapsmann var han ein av dei første som dreiv eksperimentell fysikk i Tyskland. I dag er han mest kjend for notisbøkene sine, som han sjølv kalla Sudelbücher, og for oppdaginga av dei rare tre-liknande mønstera som ein i dag kallar Lichtenberg-figurar.

Han var professor i naturvitskap, matematikk og astronomi i Göttingen. Her vakte han oppsikt med forelesningane sine om eksperimentalfysikken. Det litterære ryet hans beror på dei ironisk-andfulle aforismane hans (Aphorismen, 5 bd., 1. fullstendige utg. 1902–08), der han viser seg som ein representant for opplysingstida.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Georg Christoph Lichtenberg» frå , den 26. februar 2011.

Bakgrunnsstoff The Lichtenberg Society Originale tekstar på Projekt Gutenberg

Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyske satirikarar Kategori:Pukkelrygga personar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Fysikarar på 1700-talet