Hjartestans er nemninga på ein tilstand der blodsirkulasjonen i kroppen opphøyrer gjennom at pumpefunksjonen til hjartet opphøyrer. Hjartestans dekker over fleire ulike tilstandar: ventrikkelflimmer, som inneber at det ikkje er noka elektrisk styring av muskelcellene i hjartekammera, noko som fører til at dei trekkjer seg saman uavhengig av kvarandre, asystoli, som inneber at det ikkje er nokon elektrisk aktivitet i cellene, pulslaus ventrikulær tachycardi, som inneber at hjartekammera pumpar så hurtig, og ute av takt med forkammera, at dei ikkje blir fylla ordentleg med blod, pulslaus elektrisk aktivitet, der den elektriske aktiviteten er normal, men cellene av ulike årsaker ikkje reagerer.
Hjartestans kan konstaterast ved manglande medvit og respirasjonsstans.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hjertestans» frå , den 26. februar 2011.
Bakgrunnsstoff Hjarte-lunge-redning
Kategori:Akuttmedisinske tilstandar Kategori:Dødsårsaker Kategori:Sjukdommar i sirkulasjonssystemet