«On the Turning Away» er ein song frå Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason frå 1987. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde førsteplassen på Billboard Album Rock Tracks-lista tidleg i 1988. I Storbritannia gjekk songen til 55. plass på singellista. Ein konsertversjon av songen finst på Delicate Sound of Thunder.
Songen er ein powerballade og omhandlar tema som fattigdom og undertrykking, og klagar over at folk har ein tendens til å vende seg bort frå dei som er råka av slike tilhøve. Han endar med ein håpefull tone der siste verset startar med «no more turning away …».
Songen vart spelt på konsertane til bandet frå 1987 til 1989 og nokre gonger under turneen deira i 1994.
Musikkvideoen for songen bestod av konsertopptak frå The Omni i Atlanta i november 1987 og var regissert av Lawrence Jordan. Videoar for «The Dogs of War» og «One Slip» vart òg filma under same konsert. Videoen nådde niandeplass på MTV Video Countdown i januar 1988.
Fem-disk-utgåva av David Gilmour-albumet Live in Gdańsk, samt vinylutgåva, inneheld ein versjon av songen frå Venezia den 12. august 2006. Halvvegs gjennom songen gløymer både Gilmour og Wright teksten, ler av det og får hjelp av publikum til å kome attende i songen att.
Medverkande David Gilmour – electric & akustisk gitar, solovokal Nick Mason – perkusjon Richard Wright – Hammondorgel, korvokal
Andre medverkande: Jon Carin – synthesiser Tony Levin – bassgitar Jim Keltner – trommer
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «On the Turning Away» frå , den 22. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Balladar frå 1980-åra Kategori:Protestsongar Kategori:Songar om fattigdom Kategori:Hardrockballadar Kategori:Folkrock-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista Kategori:Songar skrivne av David Gilmour Kategori:Songar skrivne av Anthony Moore Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour