Ronald Koeman () er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar og no manager.

Koeman er fødd i Groningen. I 1980 starta han karrieren sin for FC Groningen, og etter å ha spelt for Ajax Amsterdam, PSV Eindhoven og FC Barcelona, avslutta han karrieren på Feyenoord Rotterdam. I løpet av karrieren var han med og vann 4 nederlandske meisterskap, 4 spanske meisterskap, og var òg på det vinnande nederlandske landslaget i fotball på Europameisterskapen i fotball i 1988. Han representerte òg Nederland i Verdscupen i fotball i 1994 i USA.

Frå desember 2001 til februar 2005, var Koeman Ajax Amsterdam sin manager. Etter skuffande resultat i Eredivisie og laget vart utslegne i UEFA Cupen, sa han opp.

Koeman var manager i Benfica fram til 8. mai 2006, då han takka ja til managerjobb i PSV Eindhoven i heimlandet.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Nederlandske fotballtrenarar Kategori:Groningen-spelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994