Surrealistic Pillow er det andre albumet til det amerikanske psykedeliske rockebandet Jefferson Airplane, utgjeve 1. februar 1967. Den opphavlege trommeslagaren Alexander 'Skip' Spence hadde gått frå bandet halvvegs i 1966 og vart erstatta av ein jazztrommis frå Los Angeles, Spencer Dryden. Den nye solovokalisten Grace Slick kom òg med i bandet i 1966. Både Slick og Dryden debuterte med bandet på plate med dette albumet og dei tilhøyrande singlane. Dette var den mest kjende besetninga av gruppa, som var stabil fram til Dryden slutta i 1970. Det er òg rekna for å vere eit av dei viktigaste albuma innan psykedelisk rock og frå motkulturen i 1960-åra.
Albumet nådde tredjeplassen på Billboard-lista og har seld til platinaplate i USA.
Oversyn Jefferson Airplane blanda folkrock og psykedelia, noko som var nyskapande på denne tida, på lik linje med dei musikalske retningane som The Byrds, The Mamas & the Papas, The Yardbirds og The Beatles hadde stått i spissen for på midten av 60-åra. Surrealistic Pillow var det første verkeleg store psykedeliske albumet av eit band frå San Francisco, og synte for verda det aktive bohemmiljøet som hadde utvikla seg der frå Beat-generasjonen i 1950-åra, og som endra seg gjennom 1960-åra til motkulturen i Haight-Ashbury. Den store omtalen Airplane og andre fekk medførte store endringar til denne motkulturen, og i 1968 hadde all mediaomtalen skapt eit heilt anna miljø i San Fransisco enn det som hadde eksistert i 1966. Fotografen Herb Greene frå San Francisco, fotograferte bandet for plateomslaget.
Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia skal ha medverka på albumet. Han skal visstnok ha vore til stades på fleire spor, men det nektar produsent Rick Jarrard for. Garcia er derimot tilskriven på plateomslaget for songane frå dette albumet som var med på samleplata Flight Log og plateboksen Jefferson Airplane Loves You.
Utgjeving Surrealistic Pillow vart opphavleg gjeve ut som RCA Victor LPM/LSP 3766, og nådde tredjeplassen på albumlista i USA. Albumet vart miksa i både mono og stereo, og begge miksane er tilgjengelege på ei sjeldan gull-CD-utgåve av RCA frå 2001, og som del av boksen Ignition. Monoversjonen vert faktisk føretrekt av somme samlarar fordi han har ein meir kraftfull lyd og langt mindre ekko og klang enn stereomiksen. Ein annan stereomiks kom ut i august 2003 med sju bonusspor, inkludert monoutgåva av «Somebody to Love» og «White Rabbit».
«My Best Friend» var gjeven ut som den første singelen frå albumet i januar 1967, men nådde berre 103. plassen på Billboard Bubbling Under-lista. To singlar til vart gjevne ut seinare på året, «Somebody to Love» og «White Rabbit», og desse nådde høvesvis femte- og åttandeplassen på Billboard Hot 100-lista og vart dei einaste hittane til bandet på topp 40-llista.
Den britiske utgåva av albumet var ei blanding av den amerikanske utgåva og den første plata deira, Jefferson Airplane Takes Off.
I 2003 vart albumet rangert på 146. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Innhald
Medverkande Marty Balin – vokal, gitar, albumdesign, solovokal på «Today», «Comin' Back to Me» og «Plastic Fantastic Lover», felles solovokal på «She Has Funny Cars», «My Best Friend» og «Go to Her» Jack Casady – bassgitar, fuzzbass, rytmegitar Spencer Dryden – trommer, perkusjon Paul Kantner – rytmegitar, vokal, solovokal på «How Do You Feel», felles solovokal på «My Best Friend», «D. C. B. A.-25» og «Go to Her» Jorma Kaukonen – sologitar, solovokal på «Come Back Baby» og «In the Morning» Grace Slick – vokal, piano, orgel, blokkfløyte, solovokal på «Somebody to Love» og «White Rabbit», felles solovokal på «She Has Funny Cars», «My Best Friend», «D. C. B. A.-25» og «Go to Her»
Andre medverkande Jerry Garcia – «andeleg rettleiar»; gitar på «Today», «Comin' Back to Me», «Plastic Fantastic Lover», «In the Morning», og «J. P. P. McStep B. Blues» Herb Greene – fotografi David Hassinger – lydteknikar Rick Jarrard – produsent
Salslister Album ÅrListePlassering1967Billboard 2003 Singlar ÅrSingelListePlassering1967«My Best Friend»Billboard Pop Singles1031967«Somebody to Love»Billboard Pop Singles51967«White Rabbit»Billboard Pop Singles8
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Surrealistic Pillow» frå , den 9. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Jefferson Airplane-album Kategori:RCA Victor-album Kategori:Album produserte av Rick Jarrard 146 471