mini| Eurovision Song Contest 1971 (ESC 1971) var den 16. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Gaiety Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 3. april. Monaco vann konkurransen med songen «Un Banc, Un Arbre, Une Rue», framført på fransk av Séverine.

Det nye stemmesystemet som vart innført dette året, førte til at nokre land gav færre poeng enn andre. Om dette vart utnytta for å øydeleggje vinnarsjansane for andre land, er likevel usikkert. Dette året kunne grupper på opptil seks personar delta i tevlinga for fyrste gong. Tidlegare hadde berre solistar og duoar vore tillate.

Monaco sitt vinnarbidrag vart skrive av franskmenn, framført av ein fransk songar busett i Frankrike, sunge på fransk, og orkesteret vart dirigert av ein franskmann. Songaren Séverine har seinare hevda at ho aldri har vitja Monaco, korkje før eller sidan.

Malta deltok for fyrste gong dette året, medan Finland, Noreg, Portugal, Sverige og Austerrike kom tilbake etter å ha boikotta konkurransen året før. (Austerrike hadde heller ikkje delteke i 1969.)

Bidraga Finale

Finalen vart halden den 3. april 1971 i Gaiety Theatre. Monaco vann konkurransen for fyrste gong. Sverige og Nederland kom på ein delt 6. plass. Belgia og Jugoslavia kom på ein delt 14. plass. Noreg sitt bidrag, «Lykken er» av Hanne Krogh, enda på 17. plass med 65 poeng.

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 1. Marianne Mendt «Musik» Wiener-dialekt (tysk) 16 66 2. Joe Grech «Marija l-Maltija» Maltesisk 18 52 3. Séverine «Un banc, un arbre, une rue» Fransk 1 128 4. Peter, Sue & Marc «Les illusions de nos vingt ans» Fransk 12 78 5. Katja Ebstein «Diese Welt " Tysk 3 100 6. Karina «En un mundo nuevo» Spansk 2 116 7. Serge Lama «Un jardin sur la terre» Fransk 10 82 8. Monique Melsen «Pomme, pomme, pomme» Fransk 13 70 9. Clodagh Rodgers «Jack in the Box» Engelsk 4 98 10. Lily Castel & Jacques Raymond «Goeiemorgen, morgen» Nederlandsk 14 68 11. Massimo Ranieri «L'amore è un attimo» Italiensk 5 91 12. Family Four «Vita vidder» Svensk 6 85 13. Angela Farrell «One Day Love» Engelsk 11 79 14. Saskia & Serge «Tijd» Nederlandsk 6 85 15. Tonicha «Menina do alto da serra» Portugisisk 9 83 16. Krunoslav Slabinac «Tvoj dječak je tužan» Kroatisk 14 68 17. Markku Aro & Koivistolaiset «Tie uuteen päivään» Finsk 8 84 18. Hanne Krogh «Lykken er» Norsk 17 65

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «ESC 1971» og «ESC 1971» frå og VG.no, den 4. februar 2011.

Kategori:Musikk i 1971 Kategori:Eurovision Song Contest etter år