Maksimilian Aleksandrovitsj Kirijenko-Volosjin () var ein framståande representant for den symbolistiske retninga i russisk kultur og litteratur. Han vart kjend som poet og kritikar av litteratur og kunst. Arbeida hans vart utgitt i samtidige tidsskrift tidleg på 1900-talet, mellom anna i «Vesy» (Vekta), «Zolotoje runo» (Det gylne ull) og «Apollon». Han var også kjend for sine briljante omsetjingar av fransk poesi og prosa til russisk.

Liv og gjerning

mini|venstre|portrett|Boris Kustodjev: Portrett av Maksimilian Volosjin, 1924

Volosjin var fødd i Kiev i 1877. Han var elev i nokre få år ved Polivanov og ein skule på halvøya Krim, mor hans kjøpte i 1893 eit landstykke i Koktebel. Etter gymnaset vart Volosjin student ved universitetet i Moskva, nett då den radikale studentrørsla i Russland gjorde seg synleg att.

Volosjin reiste vide i Russland, ofte til fots. I 1900 var han del av ein ekspedisjon som kartla ruta til Orenburg-Tasjkent-jarnbanen.

Seinare i livet måla han akvarellar. Mange av kunstverka er i dag spreidd til mange museum verda rundt. Andre finst i private samlingar i Russland og andre land.

Småbyen Koktebel søraust på Krimhalvøya der Volosjin budde, var til stor inspirasjon for han. I heimen sin tok Volosjin imot tallause poetar, kunstnarar, skodespelarar, vitskapsmenn og vandrarar. Heimen er i dag omgjort til museum. Berget der Volosjin vart gravlagd, fekk seinare namnet etter han.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maksimilian Volosjin» frå , den 2. februar 2011.

Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Kiev