«Who Knows Where the Time Goes?» er ein song skriven av den engelske visesongaren Sandy Denny. Songen vart opphavleg spelt inn av Denny privat i 1967, og igjen med ho sjølv på gitar (og ein strykeseksjon) for All Our Own Work med Strawbs. Den mest kjende versjonen er sungen av Denny på Fairport Convention-albumet Unhalfbricking frå 1969.
I 2007 vart Unhalfbricking-versjonen kåra til «den beste folkevisa gjennom tidene» av lyttarane på BBC Radio 2. Denne versjonen vart nytta som avslutningsmusikk i filmen Don't Worry About Me (2009).
Struktur Den langsame songen har tre vers som skildrar forskjellige observasjonar («Across the evening sky all the birds are leaving») og er i E-dur, men inneheld òg mange mollakkordar i den tonearten.
Etter å ha skildra dette skriv Denny så at for ho så er enkelte ting tidlause («Before the winter's fire, I will still be dreamin'; I have no thought of time») og i siste linja spør ho retorisk «Who knows where the time goes?» (Kven veit kvar tida dreg?).
Andre versjonar Av dei mange artistane som har gjort coverversjonar av denne songen finn ein mellom andre 10,000 Maniacs, Mary Black, Eva Cassidy, Judy Collins, Lonnie Donegan, Nanci Griffith, Susanna Hoffs, Deanna Kirk, Charlie Louvin, Cat Power, Eddi Reader, Julianne Regan (med Fairport Convention), Kate Rusby, Nina Simone, Matthew Sweet og Kate Wolf.
Judy Collins-versjonen er tittelsporet på albumet hennar Who Knows Where the Time Goes frå 1968, men ein tidlegare versjon vart gjeven ut som B-side til «Both Sides, Now» (1968). Begge desse kom ut før Fairport Convention-innspelinga.
Ein versjon av Nina Simone (frå konsertalbumet hennar Black Gold frå 1970) vert nytta i filmen The Dancer Upstairs, medan versjonen til Judy Collins kan høyrast i filmane The Subject Was Roses og A Walk on the Moon.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Who Knows Where the Time Goes?» frå , den 26. januar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Fairport Convention-songar Kategori:Judy Collins-songar Kategori:Nina Simone-songar Kategori:Sandy Denny-songar Kategori:Songar skrivne av Sandy Denny Kategori:The Strawbs-songar Kategori:Nana Mouskouri-songar Kategori:10,000 Maniacs-songar Kategori:Eva Cassidy-songar Kategori:Stephen Stills-songar