mini|The Band (ikkje i biletet: Richard Manuel) med Bob Dylan, Ringo Starr, Ronnie Hawkins, Dr. John, Neil Young, Joni Mitchell, Van Morrison og Neil Diamond under konserten 25. november 1976 The Last Waltz er avskjedskonserten til The Band, filma av Martin Scorsese og gjeven ut som ein konsertfilm og album.

The Band, som bestod av Levon Helm på trommer, mandolin og vokal, Rick Danko på bass og vokal, Garth Hudson på orgel, Richard Manuel på keyboard, perkusjon og vokal og Robbie Robertson på gitar og viktigaste komponist, hadde opptredd i 16 år då dei avgjorde å avslutte samarbeidet med The Band.

Dei heldt den siste konserten sin på Winterland Ballroom i San Francisco og laga rockehistorie ved å samle nokre av dei aller fremste artistane og musikararane på den tida på ein og same konsert. Staden vart vald sidan det var det første staden gruppa hadde opptredd saman under namnet The Band. Konserten var ikkje berre ein avskjedskonsert, men òg ei feiring av dei sjølv og deira beste vener og inspirasjonskjelder.

Konserten vart halde på Thanksgiving, 25. november 1976 og publikum åt først kalkunmiddag og hadde «ballroomdans» før konserten. Bill Graham var konferansier.

Albumet Albumet er det trettande albumet til The Band og kom ut på Warner Bros. Records i 1978. Det nådde 16. plass på albumlista i USA. Albumet vart gjeven ut som eit trippelalbum

Av dei mange gjesteartistane finn ein Ronnie Hawkins og Bob Dylan, Van Morrison, Bobby Charles, Ringo Starr, Neil Young, Muddy Waters, Eric Clapton, Neil Diamond og Joni Mitchell.

Side ein til fem på albumet består av songar frå konserten, medan side seks består av «The Last Waltz Suite», nye songar skriven av Robertson og framført av the Band på ein MGM-scene. Emmylou Harris song på suiten, på ei ny utgåve av «The Weight», i tillegg til Roebuck og Mavis Staples.

Innhald Side ein

Side two

Side tre

Side fire

Side fem

Side seks The Last Waltz Suite skriven av Robbie Robertson

Medverkande Rick Danko – vokal. bass, fele Levon Helm – vokal, trommer, mandolin Garth Hudson – orgel, trekkspel, synthesizer, saksofon Richard Manuel – vokal, piano, trommer, orgel, clavinet, dobro Robbie Robertson – gitarar, piano, korvokal

Blåserekkje Rich Cooper – trompet, flygelhorn James Gordon – fløyte, tenorsaksofon, klarinett Jerry Hey – trompet, flygelhorn Howard Johnson – tuba, barytonsaksofon, flygelhorn, bassklarinett Charlie Keagle – klarinett, fløyte, alt-, tenor- og sopransaksofon Tom Malone – trombone, eufonium, altfløyte, basstrombone Larry Packer – elektrisk fiolin Horn arrangert av Henry Glover, Garth Hudson, Howard Johnson, Tom Malone, John Simon og Allen Toussaint

Gjesteartistar

Paul Butterfield – munnspel, vokal Bobby Charles – vokal Eric Clapton – gitar, vokal Neil Diamond – gitar, vokal Dr. John – piano, gitar, congatrommer, vokal Bob Dylan – gitar, vokal Emmylou Harris – gitar, vokal Ronnie Hawkins – vokal Bob Margolin – gitar på «Mannish Boy» Joni Mitchell – gitar, vokal Van Morrison – vokal

Pinetop Perkins – piano på «Mannish Boy» Dennis St. John – trommer på «Dry Your Eyes» John Simon – piano på «Too Ra Loo Ra Loo Ral» Cleotha Staples – harmonivokal på «The Weight» Mavis Staples – vokal Roebuck «Pops» Staples – gitar, vokal Yvonne Staples – harmonivokal på «The Weight» Ringo Starr – trommer på «I Shall Be Released» Muddy Waters – vokal Ronnie Wood – gitar på «I Shall Be Released» Neil Young – gitar, munnspel, vokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Last Waltz (1978 album)» frå , den 25. januar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Triple konsertalbum Kategori:The Band-album Kategori:Konsertalbum frå 1978 Kategori:Filmmusikk