Anna Anka () er ein polsk-svensk-amerikansk skodespelar og fotomodell.
Anna Anka vart oppdaga i svenske medium i 2009 som deltakar i realityserien Svenska Hollywoodfruar på TV3. Anka var frå 2008 til 2010 gift med songaren Paul Anka og budde i Beverly Hills i Los Angeles i USA. 25. september 2009 var Anna Anka gjest i Skavlan som vert sendt både i Sverige og Noreg, og vart dermed kjent òg for eit norsk publikum.
Anka vart fødd i Folkerepublikken Polen (no Republikken Polen), der mora døydde under fødselen. Ho kom på barneheim, og vart då ho var tre år adoptert av ein familie frå Bjuv i Skåne i Sverige.
I 2011 var ho å sjå i ein norsk fjernsynsreklame for Coop Prix. Ho kom på sjetteplass i den sjuande sesongen av Skal vi danse på TV 2.
Bakgrunnsstoff Anna Ankas mor døde under fødselen
Kategori:Svenske skodespelarar Kategori:Polske skodespelarar Kategori:Svensk-amerikanarar Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Polsk-amerikanarar