Ripslektas, Ribes, er ei planteslekt i ripsfamilien, Grossulariaceae. Medlemene er buskar med mange greiner frå grunnen. Dei har handnerva blad og små grøne eller raudlege blomstrar i klase. Desse har fem begerblad, fem kronblad og to griflar. Fire artar veks vilt eller forvilla i Noreg.

Norske artar: Stikkelsbær (R. uva-crispa). Dyrka plante som finst forvilla. Solbær (R. nigrum). Dyrka plante som finst forvilla. Villrips (R. spicatum). Viltveksande slektning av hagerips. Alperips (R. alpinum). Viltveksande slektning av hagerips.

Andre artar: Blodrips (R. sanguineum)

Kjelder

Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Denne artikkelen bygger på «Vinbärssläktet» frå , den 10. januar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ripsfamilien Kategori:Planteslekter