Austrått er ein bydel i Sandnes kommune med  7 937 innbyggjarar (1. januar 2015). Bydelen ligg sør-aust for sentrum og har eit landareal på 6,8 km².

Austrått består nesten berre av bustadområde og friområde, i tillegg til noko landbruk.Sandnes kommune: Kommuneplan for Sandnes 2007–2020, arealdel Av anna næring finn ein blant anna Mattilsynet sitt regionkontor for Rogaland og Agder, og Lyse Energi. Bydelen har opplevd stor vekst de siste år, og var ei tid den folkerikaste i kommunen med over 10 000 innbyggjarar. Folketalet gjekk ned då Bogafjell blei skild ut som eigen bydel i 2011.

Høyland kyrkje frå 1841 er den einaste kyrkja i bydelen. I nærleiken av kyrkja ligg det populære turområdet Melshei. Området eigner seg både til turgåing og ski, med 8 km lysløype og stiar som strekker seg inn i Rogaland arboret.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Austrått i Sandnes» frå , den 6. januar 2011 og 16. mai 2025.

Kategori:Bydelar i Sandnes