Honky Chateau er det femte studioalbumet til Elton John, gjeve ut i 1972. Albumet var det første Elton John-albumet som kom på fyrsteplass på albumlista i USA, og det første i ei rekkje av sju på rad som klarte dette.«Elton John Biography: Rock and Roll Hall of Fame» . Rock Hall. Henta 11. mai 2018

I 2012 kom albumet på 359. plass i musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det selde til gullplate i juli 1972 og platina i oktober 1995. Det vart gjeve ut to singlar frå Honky Chateau, «Rocket Man» og «Honky Cat».

Albumet var det første til John sidan debutplata Empty Sky som var utan strykarar på nokon av songane, utanom fiolinisten Jean-Luc Ponty på «Mellow» og «Amy». Albumet markerte byrjinga på overgangen frå songar/låtskrivar-stilen til James Taylor, Leon Russell eller Carole King til ein stil nærare rock 'n roll, noko som kom tydlegare fram på album som Goodbye Yellow Brick Road, Caribou og Rock of the Westies.

Innhald

Medverkande Elton John – vokal, piano (spor 2–6 og spor 8–10), akustisk og elektrisk piano (spor 1), orgel (spor 2, 4), harmonium (spor 6) Davey Johnstone – gitar (spor 2–10), banjo (spor 1, 7), steelgitar (spor 7) mandolin (spor 9), korvokal (spor 3, 5, 6, 8, 10) Dee Murray – bassgitar, korvokal (spor 3, 5, 6, 8, 10) Nigel Olsson – trommer (spor 1–8 and spor 10), congatrommer (spor 7), tamburin, korvokal (spor 3, 5, 6, 8, 10)

Andre medverkande Ivan Jullien – trompet (spor 1) Jacques Bolognesi (fr.) – trombone (spor 1) Jean-Louis Chautemps, Alain Hatot – saksofonar (spor 1) Jean-Luc Ponty – elektrisk fiolin (spor 2, 8) «Legs» Larry Smith – stepping (spor 3) David Hentschel – ARP synthesizer (spor 5, 10) (omtalt som «David Henschel» på omslaget) Ray Cooper – congatrommer (spor 8) Gus Dudgeon – rhinofløyte og korvokal (spor 10) Madeline Bell, Liza Strike, Larry Steel, Tony Hazzard – korvokal (spor 6)

Produksjon Produsent: Gus Dudgeon Lydteknikar: Ken Scott Remastering: Tony Cousins Blåsearrangement: Gus Dudgeon Foto: Ed Caraeff Notat i omslaget: John Tobler Redigering: Gus Skinas Digital overføring: Ricky Graham Kringlyd: Greg Penny

Salslister

Vekeslister Liste (1972)Peak positionAustralske Kent Music Report Albums Chart4Den kanadiske RPM-listaLibrary and Archives Canada. Henta 11. mai 20183Den nederlandske albumlista9Den italienske albumlista5Japanese Oricon LP Chart21Norwegian VG-lista Albums Chart8Den spanske albumlista 1UK Albums Chart2US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista43

Årslister Liste (1972)PlasseringDen italienske albumlista18Den australske albumlista15US Billboard Year-End24Liste (1973)PlasseringUS Billboard Year-End80

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Honky Château» frå , den 26. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Honky Chateau på Allmusic

Kategori:Elton John-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Album produserte av Gus Dudgeon Kategori:DJM Records-album Kategori:Uni Records-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios 359 251