Elton John er det andre studioalbumet til den engelske musikaren Elton John, gjeve ut 10. april 1970 av DJM Records. Det kom ut på Uni Records som debutalbumet til John i USA og mange der trudde det var det første albumet hans, sidan Empty Sky ikkje kom ut i USA før 1975. Elton John inneheld gjennombrotssingelen hans, «Your Song», og var med å etablere karrieren hans i det som vart «singer-songwriter»-tida i popmusikken. I USA selde albumet til gullplate i februar 1971. Same året vart det nominert til Grammyprisen som årets album i USA.

Dette var den første i ei rekkje av albuma til John som var produsert av Gus Dudgeon. Som Dudgeon sa i eit intervju i Mix, var ikkje albumet meint å lansere John som artist, men vr heller ei samling forseggjorde demoar slik at andre artistar skulle spele inn han og medlåtskrivaren Bernie Taupin sine songar.http://www.mixonline.com/news/profiles/gus-dudgeon-1942-2002/364951

I 2003 vart albumet rangert på 468. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, men på den oppdaterte lista frå 2012 var plata ute av lista. Den 27. november 2012 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame."Grammy Hall of Fame Award . Grammy.org. Henta 21. desember 2012

Songen «No Shoe Strings on Louise» var meint (som ei hyllest eller parodi) å høyrast ut som ein Mick Jagger-song.

Innhald

Bonusspor (2008 Deluxe Edition)

På albumutgåva som kom ut i Portugal vart det nytta eit valthorn i introduksjonen til «The Greatest Discovery» i staden for cello.

Medverkande

Elton John – piano og vokal (alle spor), cembalo (2) Frank Clark – akustisk gitar (1) Frank Clarke – kontrabass (spor 10) Colin Green – gitar (spor 1, 7), spansk gitar (6) Roland Harker – gitar (2) Clive Hicks – akustisk gitar (9), rytmegitar (4), 12-strengsgitar (1), gitarar (7, 8, 10) Alan Parker – rytmegitar (3) Caleb Quaye – sologitar (spor 3–5), gitar (9) Les Hurdle – bassgitar (10) Dave Richmond – bassgitar (spor 1, 7, 8) Alan Weighall – bassgitar (spor 3, 4, 9) Brian Dee – orgel (spor 6, 7) Diana Lewis – Moog synthesizer (spor 5, 9) Paul Buckmaster – cellosolo (8) Skaila Kanga – harpe (spor 2, 8) Terry Cox – trommer (spor 8, 10) Dennis Lopez – perkusjon (spor 3, 4) Barry Morgan – trommer (spor 1, 3, 4, 7, 9) Tex Navarra – perkusjon (9) Madeline Bell – korvokal (spor 3, 4, 7, 9) Tony Burrows – korvokal (spor 3, 4, 7, 9) Roger Cook – korvokal (spor 3, 4, 7, 9) Lesley Duncan – korvokal (spor 3, 4, 7, 9) Kay Garner – korvokal (spor 3, 4, 7, 9) Tony Hazzard – korvokal (spor 3, 4, 7, 9) Barbara Moore – korvokal, kor-leiar (7) Teknisk Gus Dudgeon – produsent, tekst i omslaget Robin Geoffrey Cable – lydteknikar Gus Skinas – redigering Darrell Johnson – original mastering Tony Cousins – remastering Ricky Graham – digital overføring Greg Penny – kringlyd Paul Buckmaster – arrangement David Katz – orkesterleverandør Steve Brown – produksjonskoordinator David Larkham – kunstnarisk leiar Stowell Stanford – fotografi Jim Goff – kunstverk John Tobler – notat i plateomslaget

Salslister

Vekeslister Liste (1971) PlasseringAustralske Kent Music Report Albums Chart4Den kanadiske RPM-lista4Den nederlandske albumlista2Den japanske Oricon-lista40UK Albums Chart5US Billboard 2004

Årslister Liste (1971) PlasseringDen australske albumlista24Den nederlandske albumlista17US Billboard Pop Albums30

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elton John (album)» frå , den 25. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Albumet Elton John på Allmusic

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Elton John-album Kategori:Album produserte av Gus Dudgeon Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:DJM Records-album Kategori:Uni Records-album