Simon Olaus Wolff () var ein norsk prest og diktar. Han skreiv mellom anna diktet «Hvor herligt er mit fødeland» som vart sett melodi til av Lars Møller Ibsen, samt fleire nasjonale forteljingar, som Hardangerne og Brudstykker af en Thellemarks-Vandring (1822). Han var òg teiknar og akvarellmålar.https://nbl.snl.no/Simon_Olaus_Wolff
Wolff voks opp i Trøndelag, Hardanger og Bergen. Han tok examen artium ved Bergen katedralskole i 1818. Han studerte seinare ved Det Kongelege Frederiks Universitet og vart teologisk kandidat i 1825. Same år vart han utnemnd til sokneprest i Mo i Telemark. I 1833 vart han flytta til Aurskog og i 1840 kom han til Sauherad, der han levde fram til han døydde. Som diktar skreiv han òg ein del små avhandlingar om litterære og politiske emne.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Simon Olaus Wolff» frå , den 25. desember 2010.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Snåsa