142 (romartal CXLII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjent som året då Pactumeius og Quadratus var konsular (eller sjeldnare, år 895 ab urbe condita). Hendingar Etter ordre frå Antoninus Pius byrja romarane bygginga av Den antoninske muren i noverande Skottland, då ei grense mot Caledonia.
Markion hevda at Det gamle testamentet var uforeinleg med kristendommen. Pius I blei vald til pave etter Hyginus (dette året, 140 eller 146). Dette var det fyrste året i Hanan-æraen i det austkinesiske Han-dynastiet. Wei Boyang, ein kinesisk taoistisk alkymist, var den fyrste til å dokumentera ei tidleg form for krut.
Fødde Papinianus, romersk jurist
Døde Pave Hyginus, (eller 140)