Lars Pedersson Hektoen () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han melde seg inn i Stortingets Venstreforening då denne var skipa.
Hektoen var son til ein gardbrukar på Tynset. Sjølv gjekk han seminaret i Klæbu, der han tok eksamen i 1852. Han var i seks år skulehaldar og i fire år privatlærar i Tynset. Den lange perioden 1862-1900 var han kasserar for Tynset sparebank. Han var frå 1863 til 1889 gardbrukar på Framnes, eit bruk han rydda og bygde frå grunnen. I 1889 kjøpte han garden Nysted ved jarnbanestasjonen på Tynset og budde der sidan. Han kom med i heradsstyret i 1871, frå 1873 til 1889 var han ordførar. Då folkeskulelova av 1889 skulle gjennomførast i Tynset var han skulestyreformann. Ei tid var han formann i amtsskulestyret.
Hektoen representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1877 til 1888. I den fyrste valbolken, 1877-79, var han medlem av protokollkomiteen, 1880-81 medlem av skattekomiteen, så var han 1882-88 sekretær i budsjettkomiteen og 1886-88 var han medlem av Lagtinget og valkomiteen.
Hektoen døydde på Tynset i 1903.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Tynset Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Tynset