Reiar Nilsson Leir (Reiar Nilsen Leer) () var ein norsk gardbrukar, ordførar, bankmann og stortingsmann frå Krødsherad i Buskerud.

Leir var på garden Bjørkerud i Krødsherad. Faren var gardbrukar og lensmann. Sjølv tok han over garden Bjørkerud, men flytta i 1868 til slektsgarden Leir og dreiv denne. Han var kjend som ein flink skogmann. Leir var medlem av Sigdal heradsstyre, ordførar i fleire år. Elles var han forlikskommissær 1886-97 og sparebankkasserar i 20 år.

Leir representerte Buskeruds amt på Stortinget frå 1877 til 1888. I alle år var han medlem av konstitusjonskomiteen og frå 1883 også av Lagtinget. I 1883-84 var han medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet.

Leir døydde på garden sin i Krødsherad i 1900.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Sigdal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Krødsherad