Harald I av Danmark eller Harald Gormsson, med tilnamnet Blåtann, var konge i Danmark. Han kan ha blitt fødd litt før år 925Harald Blåtann skal ha ført hærstyrkar til Normandie i 942, og det er rimeleg å tru at han då var minst 18 år gamal., regjerte truleg ei tid saman med faren, Gorm den Gamle, og var konge aleine frå om lag 958/964 til han døydde i 985, 986 eller 987.
Familie Far til Harald var den danske kongen Gorm den GamleGorm den Gamle Den store danske som er rekna som grunnleggaren av Jelling-dynastiet i Danmark, Mor hans var TyraJelling-sten 2 Danske Runeindskrifter med tilnamnet «Danebod»Jellinge-sten 1 Danske RuneindskrifterTyra blir kalla «Danmarks bod», som oftast blir tolka til «Danmarks pryd», men tydinga er usikker..
Sogene nemner at han hadde ein bror, Knut GormssonKnut Gormsson vart kalla Knutr Dana-ást (danekjærleik), og han skal ha døydd på ei vikingferd., som var far til Gull-Harald, og ei syster, Gunhild Kongemor, som vart gift ned Eirik Blodøks og var mor til sønene hans, Gunhildssønene. To runesteinar ved Hällestad kyrkaHällestad kyrka runesteinar til minne om Toke Gormsson Kulturportal Torna-Hällestad blir rekna som prov på at han òg hadde ein bror som vart kalla Toke Gormsson (tolkinga er uviss).
Han skal ha hatt fleire koner: Ei runeinnskrift på «Søndre Vissing-sten 1»Danske Runeindskrifter Søndre Vissing-sten 1 blir rekna som prov på at Harald var gift med Tove (Tófa), dotter til den obodtrittiske kongen Mistivoj. Saxo GrammaticusHarald BlaatandSaxo Grammaticus, Danmarks krønike, frå heimskringla.no opplyser at han var gift med Gyrid, ei svensk kongsdotter og syster til Styrbjørn Sterke (Olavsson). Adam av Bremen nemner, med kong Svein Estridsson som kjelde, at han var gift med GunhildAdam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (Aschehoug 1993) t.d. i 2.bok, kap. 28.
Dei ymse kjeldene opplyser at han hadde mange born, desse er nemnde: Håkon som iflg Saxo Grammaticus herska i «Sembernes land» (Zemlandsky-halvøya ved Kaliningrad). Svein, med tilnamnet Tjugeskjegg, dansk og engelsk konge. Tyra, som skal ha blitt gift med den svenske kongssonen Styrbjørn Sterke (Olavsson), og seinare med kong Olav Trygvason. Gunhild (Gunhilda), som miste livet i massakren St. Brictiusdagen, 13.11.1002, i England. Adam av BremenAdam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (Aschehoug 1993) t.d. i 2.bok, kap. 25 nemner òg at han skal ha hatt ein son som heitte Hiring (kanskje ei forvansking av namnet Hring).
Namnet mini|150px|venstre|Framsida avHarald Blåtanns gullskive. mini|150px|venstre| På Jellingsteinen (sjå ill.) er namnet hans rissa inn med runeteikna ᚼᛅᚱᛅᛚᛏᚱ ᛬ ᚴᚢᚾᚢᚴᛦ, som kan lesast som haraltr : kunukʀ, og som på norrønt blir: Haraldr konungr (I latinske kjelder: Haraldus Gormonis filius).
I Heimskringla og i dei fleste norrøne kongesogene, blir han kalla Harald Gormsson, men i sogeverket ÅgripFORNMANNA SÖGUR vol. 10, STUTT ÁGRIP AF NOREGS KONÚNGASÖGUM, kap. 9, norrøn tekst er han nemnt som Haraldz blatannar og i Knytlingasoga FORNMANNA SÖGUR bind 11, JÓMSVÍKÍNGASAGA OK KNYTLÍNGA MEĐ TILHEYRANDI ÞÁTTUM] (side 418), Kaupmannahøfn 1828 er han nemnt som Haraldr konúngr blátönn. I den eldste danmarkssoga, Roskildekrønika (Chronicon Roskildense)Scriptores rerum danicarum medii æviside 373-387: Roskildekrøniken – latinsk tekstRoskildekrøniken dansk tekst frå heimskringla.no som vart nedskriven på latin omkring 1140, er han nemnt som HARALD BLATAN eller CLACHARALD. I Danmark blir han kalla Harald Blåtand og i England Harald Bluetooth.
Den mest vanlege forklaringa på tilnamnet, er at kong Harald må ha hatt ei uvanleg stor og svart tann (den norrøne ord-lekken blá tyder blå eller svart), men tydinga er usikker.
Det er uvisst om han vart omtala med tilnamnet «Blåtann» medan han levde. Ei gullskive som blir kalla The Curmsun diskThe Curmsun Disc Curmsun Research Project (Harald Blåtanns gullskive), vart funne i 1841 i krypta av ein kyrkjeruin i landsbyen «Wiejkowo» i Polen. Staden ligg like aust for elva Dziwna, og i næleiken av der ein trur at byen Jumne låg i norrøn tid. Ein reknar med at skiva vart laga i kong Harald si levetid (eller om lag då han døydde), og teksten på skiva kan lesast slik: «Harald Gormsson, konge over Danmark og Skåne, frå JUMNE i bispedømet Oldenburg».Namnet Curmsun disc er ei mistyding av det eine ordet på skiva: CVRMSVN - som sjølvsagt skal lesast som GORMSSON.
Funnet gir ein indikasjon på at tilnamnet «Blåtann» ikkje var i bruk medan han levde. Samstundes tyder funnstaden på at han hadde ei særs knyting til Jumne, oftast lokalisert til byen Wolin, som ligg berre få kilometer frå Wiejkowo.
Kommunikasjonsprotokollen Bluetooth fekk i 1997 namnet sitt etter kong Harald BlåtannTech History How Bluetooth got its name og Bluetooth-logoen er samansett av runeteikna for initialane hans, H (ᚼ) og B (ᛒ).Bluetooth, About the Bluetooth SIG.
Liv og lagnad mini|Runestein i Jelling. Inskripsjonen kan tydast slik: Kong Harald let gjere desse kumler etter Gorm, sin far, og etter Thyre, sin mor, den Harald som vann seg heile Danmark og Noreg og gjorde danane kristne.(feb 2004) mini|Dei to Jellingsteinane. Den minste er minnesteinen over Tyra Danebod, mor til kong Harald Blåtann. mini|Vikingborga Aggersborg på nordsida av Limfjorden, er datert til omkring år 980. I KnytlingasogaKnytlinga Saga (dansk tekst) frå heimskringla.no blir det sagt at Harald Blåtann var konge i tretti år i faren si levetid og i femti år etter at faren var dødGorm den gamle døydde truleg vinteren 958/959.. Opplysningane er opplagt feil, men han kan ha fått kongsnamn alt omkring år 954Snorre opplyste at etter Eirik Blodøks var død (954) var Gunhild og borna hennar ei tid hos Torfinn Sigurdsson jarl på Orknøyane, og at dei deretter reiste til kong Harald i Danmark., då i ein alder av omkring 30 år, og han kan såleis ha fungert som dansk konge i omkring 35 år.
Han var ein særs aktiv og resurssterk konge og var uten tvil både klok og mektig. Han førte mange krigar, både i Noreg, i Normandie og mot saksakeisaren Otto II. I «Beretningen om Hamburg stift» nemner Adam av Bremen at han skal òg ha sendt ei hær for å erobre England og i «Danmarks krønike» opplyser Saxo Grammaticus at han, i tida før faren døydde, hadde herja med ein vikingfåte i austerveg.
I hans kongstid vart det bygt mange store anlegg som i dag er mellom dei viktigaste minnesmerka frå norrøn tid i Skandinavia, mellom andre dei store ringborgeneRingborgeneDen store danske Trelleborg i Slagelse, Nonnebakken ved Odense, Fyrkat ved Hobro og Aggersborg på nordsida av Limfjorden. Den sistnemnde er rekna for å ha vore den største vikingborga i Nord-Europa og er om lag 360 m i diameter og inneheld tuftene etter 48 store langhus. Trelleborga i SkåneEn vikingatida ringborg Trelleborgs kommun, som den gongen var dansk, er frå den same tidsepoken. Brua i Raving EngeBroen i Raving Enge frå: danmarkshistorien.dk, opphavleg om lag 760 m lang, var eit framståane ingeniørarbeid som ein reknar med vart utført omkring år 980Ravingebrua var faktisk den lengste brua i Danmark, før brua over Lillebelt vart bygt i 1935..
Jelling og Roskilde Arkeologiske granskingarMysterium løst Blåtand boede i Jelling (DR.DK 2013) viser at hovudsetet til kong Harald Blåtann må ha vore i Jelling, ikkje langt frå Vejle på Jylland. Utgravingane viser at ein enorm palisadeHarald Blåtands palisade i Jelling frå: danmarkshistorien.dk på 1,4 kilometer, oppført i år 968, omkransar det som ein reknar med var kongsgarden. Byen har ei mengd med historiske minnesmerke Jellingmonumenta vart i 1994 tekne med på UNESCO si verdsarvliste., mellom andre to store gravhaugar, restar av ei stor skipssetjingStenskibet Fortidens Jelling av kampesteinar, Jelling kyrkje og ikkje minst dei to JellingsteinaneJellingestenenefrå: danmarkshistorien.dk. Ein trur at Harald på eit tidspunkt flytta hovudsetet sitt til Roskilde, turleg mest av militære årsaker. I Roskilde reiste han ein kyrkje av tre. *
Dei tidlegaste danske myntane vart prega av kong Harald Blåtann, truleg i Jelling (eller i Hedeby). Det er gjort funn av nokre få sølvmyntar av type «halvbrakteat», òg kalla Harald Blåtann sin «kors-mynt»Jellingprojektet Nyt fund af Harald Blåtand-mønt i Råhede ved Ribe. Nokre eksemplar av mynten vart seinast funne i 2015 i den såkalla «Omøskatten» på øya Omø Omøskatten Museum Vest Sjælland ved Storebelt.
Normandie Så tidleg som i åra 941-942 kom Harald Blåtann til Normandie med ein flåte på 60 skipThe History of Normandy and of England av Francis Palgrave, vol 2, London 1857. Han okkuperte Cherbourg og skal etter kvart ha okkupert Basse-Normandie og skal ha blitt godt motteken Vilhelm Langsverd Vilhelm I av Normandie, òg kalla Vilhelm Langsverd (fransk: Guillaume Longue-Épée) var hertug av Normandie fram til 942. Han var son til vikingehovdingen Rollo (Gange-Rolv). , som då var hertug av Normandie (Kva som var formålet med ekspedisjonen, er uvisst).
I åra 945 og 946 var det Rikard I (Rikard den uredde) som var hertug, og då var Harald Blåtann på nytt i Normandie. Det var viking-jarlen «Bernard den danske» (Bernard le Danois) som hadde bedt om hjelp til å forsvare hertugdømet mot åtak frå den franske kongen Ludvig IV (òg kalla Louis d’Outremer) og hertug Hugh den store (Hugh the great). Innan 947 greidde dei, saman med normanniske og andre norrøne styrkar, å drive kong Ludvig ut av Rouen og gjenerobre Normandie.
Det ser òg ut til at Harald Blåtann nok ein gong kom til Normandie, omkring 962. Då var det Theobald (Thribault), hertug av Blois, som freista å innvadere Rouen, og dei danske styrkane var òg denne gongen med på eit velluka forsvar av hertugdømet.Ein kan undrast på kvifor Harald Blåtann involverte seg så sterkt i forsvaret av hertugdømet i Normandie; kanskje må dette sjåast på som eit moment i drøftingane om Rollo (Gange-Rolv) opphavleg var norsk eller dansk?
Herskar over Noreg mini|160px|Slaget ved Fitjar (om lag 961), der Håkon den gode fekk banesår. Teikning av Christian Krohg (1899) Dei norrøne kongesogene gir ei lite truverdig skidring av dei politiske tilhøva i Noreg, i tida etter at Eirik Blodøks reiste frå landet omkring 935. Rett nok låg Eirikssønene, først og fremst Harald Gråfell, i strid med Håkon den gode (Adalsteinsfostre)Håkon den gode (Adalsteinsfostre) er rekna som konge i Noreg i tida om lag 935-961. om herredømet over det riket Harald Hårfagre hadde styrt på vestlandet, og dei var i konflikt med ladejarlane som herska over områda frå Møre og nordover. Men utan tvil var erobringspolitikken til Eirikssønene støtta av Harald Blåtann som på denne tida, saman med faren, Gorm den gamle, hadde byrja å samle det danske kongedømet og var meint på å legge Noreg under sitt herredøme.
I det latinske sogeverket Historia NorwegiæDen eldste Noregs-historia : med tilleg: meldingane frå Noreg hos Adam av Bremen ved Halvdan Koht, Oslo 1950 blir det sagt at kona til Eirik Blodøks var Gunhild, dotter til danekongen «Gorm den Tullute» (den heimske) og «Tyre den Kloke», og ho var dermed syster til Harald Blåtann. Den danske kong Gorm var dermed morfar til sønene hennar, oftast kalla Gunhildssønene, og dette er bakgrunnen for at Harald Blåtann gjorde gjeldande krav på Noreg. Han sende ein dansk flåte på 60 skip til det avgjerande slaget ved Fitjar omkring år 961, der Håkon den gode fall, og deretter vart Harald GråfellI Fagrskinna (kap.16) blir Harald Gråfell kalla Harald Blåtann sin fosterson. innsett som norsk lydkonge med Harald Blåtann som overkongeClaus Krag, side 55.
Håkon jarl blir dansk undersått mini|160px|Håkon jarl ligg til sengs og grundar. Teikning av Christian Krohg (1899)