Hans Florian Zimmer () er ein tyskfødd filmmusikkomponist busett i Los Angeles, California.

Zimmer vart fødd i Frankfurt, og flytte til London som tenåring. Han starta den musikalske karrieren sin ved å spela keyboard og synthesizer for banda Ultravox og The Buggles (kjend for songen Video Killed the Radio Star) med fleire. I London møtte han filmmusikkomponisten Stanley Myers, og dei to starta eit samarbeid i lag innan filmmusikk.

Zimmer laga sin fyrste filmmusikkk på eiga hand med filmen Terminal Exposure frå 1987. Han var produsent for filmmusikken til Den siste keiseren frå same året, som vann Oscar for beste filmmusikk.

Gjennombrotet til Zimmer kom likevel med filmen Rain Man frå 1988. Zimmer komponerte musikken åleine, og filmen vart nominert til ein Oscar for beste filmmusikk. Etter dette har Zimmer komponert musikken til ei rekkje Hollywood-filmar og vunne både Oscar-prisar, Grammy-prisar, Satellite Awards og fleire andre utmerkingar for arbeidet sitt. Nokre av dei mest kjende er filmmusikken til Gladiatoren (i samarbeid med Lisa Gerrard), Prinsen av Egypt, Rødt hav, Jakten på Rød Oktober, Løvenes konge og The Rock.

Filmmusikk av Hans Zimmer (utval)

1987 Terminal Exposure (with Stanley Myers) Going for Gold (fjernsyn) - Kjenningsmelodi

1988 Rain Man (Oscar Nomination)

1989 Black Rain På tur med Miss Daisy

1990 Pacific Heights Days of Thunder

1991 Thelma & Louise Regarding Henry K2 White Fang (med Basil Poledouris)

1992 Toys Radio Flyer A League Of Their Own The Power of One

1993 Åndenes hus Kalde rumper (med Nick Glennie-Smith)

1994 Drop Zone Løvenes konge

1995 Nine Months Rødt hav

1996 Muppet Treasure Island The Rock (med Nick Glennie-Smith og Harry Gregson-Williams) Broken Arrow

1997 Livets lyse side The Peacemaker Frøken Smillas fornemmelse for sne (med Harry Gregson-Williams)

1998 Den tynne røde linjen (Oscar Nomination) Prinsen av Egypt (Golden Globe & Oscar Nomination)

1999 Chill Factor (med John Powell)

2000 Mission: Impossible 2 Gladiatoren (med Lisa Gerrard) Veien til El Dorado (med John Powell)

2001 Black Hawk Down Pearl Harbor Hannibal

2002 The Ring

2003 Den siste Samurai ( Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl (med Klaus Badelt m.fl.) Solens tårer Johnny English (kjenningsmelodi skriven med Robbie Williams)

2004 Spanglish Stor ståhai King Arthur

2005

Madagaskar (med Heitor Pereira og James Dooley) Batman Begins (med James Newton Howard)

2006 Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest Da Vinci-koden (Golden Globe Nomination) The Holiday

2007 Pirates of the Caribbean: At World's End The Simpsons Movie

2008 The Dark Knight (med James Newton Howard) (Grammy Winner) Kung Fu Panda (med John Powell) Madagaskar 2

2009 Engler og demoner Sherlock holmes (Oscar Nomination)

2010 Grusomme meg Inception Megahjerne

2011 Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides Kung Fu Panda 2 Sherlock Holmes 2

2012 The Dark Knight Rises (med James Newton Howard)

Kjelder

Engelsk Wikipedia om Hans Zimmer, henta inn 17. desember 2010.

kategori:Tyske komponistar kategori:Tyske filmmusikkomponistar kategori:Folk frå Frankfurt am Main Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Grammy-vinnarar