Shah Deniz-feltet er det største naturgassfeltet i Aserbajdsjan. Det ligg sør i Kaspihavet, utanfor kysten av Aserbajdsjan, om lag 70 km søraust for Baku på ei djupne på om lag 600 m. Feltet dekkjer om lag 860 km². Shah Deniz-gassen og kondensatfeltet vart oppdaga i 1999. Det fører gass til Europa utan å gå gjennom land som Russland og Iran, som vert rekna som politisk utstabile. av somme for å få i stand Nabucco-røyrleidningen.
Eigarskap Shah Deniz-feltet vert operert av BP som eig 25,5%. Andre partnarar er Statoil (25,5%), SOCAR (10%), Total S.A. (10%), LukAgip, eit interessentskap med Eni og LUKoil (10%), OIEC (10%) og TPAO (9%).
Reservar Shah Deniz-reservane er estimert til å innehalde mellom 1,5 milliardar tønner til 3 milliardar tønner olje tilsvarande 50 til 100 milliardar kubikkmeter gass. Gassproduksjonen ved oppstarten i 2005 vart estimert til om lag 7 milliardar kubikkmeter årleg. Shah Deniz-feltet inneheld òg gasskondensat i overkant av 400 millionar kubikkmeter.
Røyrleidning Den 692 km lange Sør-Kaukausus-røyrleidninga, som kom i drift frå slutten av 2006, transporterer gass frå Shah Deniz-feltet i den aserbajdsjanske sektoren av Kaspihavet til Tyrkia via Georgia.
Det tilknytte kondensatet vert blanda med olje frå ACG-feltet og transportert til Tyrkia via Georgia langs Baku–Tbilisi–Ceyhan-røyrleidninga.
Nyare utvikling Shah Deniz-systemet starta å produsere gass mot slutten av desember 2006, tre månader seinare enn venta, men vart tvungen til å stenge ei kort stund i januar 2007. Dette medførte at Georgia måtte kjøpe naudgassforsyningar frå Russland til marknadspris. Georgia håpte at produksjonen frå Shah Deniz ville gjere landet mindre avhengig av Russland når det kom til energi og politikk.
I juli 2007 var gassanlegget på Sangachalterminalen fullt operasjonelt, der all gassen frå Shah Deniz vart prosessert.
Shah Deniz trinn 2 er no godkjend. Dette prosjektet omfattar ei ny gassplattform, undersjøiske brunnar og utviding av gassanlegget på Sangachalterminalen, til ein estimert kostnad på minst $10 milliardar.
Sjå òg Azeri-Chirag-Guneshli Umid-feltet Shafag-Asiman Nakhichevan-feltet
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shah Deniz gas field» frå , den 17. desember 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Shah Deniz på Rigzone Shah Deniz på Offshore Technology
Kategori:Olje- og gassfelt i Aserbajdsjan Kategori:Olje- og gassfelt i Kaspihavet Kategori:BP