Vasílis Torosídis () er ein gresk fotballspelar som spelte for Olympiakos frå 2007. Tidlegare har han spelt for Skoda Xanthi FC. Han vart seriemeister i Hellas med Olympiakos i 2011.
Torosídis har spelt for det greske landslaget sidan 2007. Han deltok i EM i fotball 2008, og skåra sitt fyrste landslagsmål i ein kvalifiseringskamp til VM i fotball 2010 mot Luxemburg. Under dette VM, som fann stad i Sør-Afrika, skåra han 2-1 målet og sigersmålet i ein kamp mot Nigeria.
Kjelder Engelsk Wikipedia om Torosidis.
Kategori:Greske fotballspelarar Kategori:Olympiakos-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014