Ole Olsson Fidje () var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Finsland i Vest-Agder.
Far hans var gardbrukar i Finsland. I yngre år var Ole skulehaldar. Han kjøpte så eit bruk på garden Fidje i Greipstad sokn i Søgne, og dreiv dette til han døydde. Fidje var 3. representant for Lister og Mandals amt på Stortinget i 1833. Der var han medlem av komiteen for gasjer, pensjonar, budsjett- og skattestell. Både i 1827 og 1836 var han 3. varamann til Stortinget. Perioden 1837-41 var han medlem av heradsstyret i Søgne.
Fidje døydde på garden sin i 1860.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Songdalen