Javier Hernández Balcázar () er ein meksikansk fotballspelar som har spela for Manchester United. Kallenamnet hans, Chicharito, tyder ‘den vesle erta’.
Bakgrunn Hernández vart fødd i Guadalajara i Jalisco. Han budde i Morelia i Michoacán medan faren hans, fotballspelaren Javier «Chícharo» Hernández, spelte for Monarcas Morelia. I Morelia var Hernández elev ved grunnskulen Instituto Piaget frå tredje til sjette klasse, og han spelte for skulen sitt fotballag.
Karriere
Hernández starta karrieren sin i heimklubben Guadalajara som 11-åring i 1997, og heldt fram i klubben til han gjekk over til fyrstelaget i 2006. Frå 2006 til 2010 skåra han der 26 mål på 64 kampar.
Hernández vart teken ut til det meksikanske landslaget til fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Allereie vinteren før VM hadde Manchester United kjøpt spissen for å forsikra seg om at ingen andre kunne kjøpa han ved å sjå kor godt han gjorde det i VM. Han skåra to mål i meisterskapen, eitt i ein 2-0 siger over Frankrike, og eitt trøystemål då Mexico vart slått ut 1 - 3 av Argentina i ein åttandedelsfinale. Den statistiske analysen til FIFA synte at Hernández var den raskaste spelaren i heile verdsmeisterskapen det året. Han nådde ein toppfart på 32.15 km/t.
Hernández spelar no for Manchester United, og har fått ein strålande start der med 11 mål på 20 kampar så langt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Javier Hernández Balcázar» frå , og «Javier Hernández Balcázar» frå den 18. november 2010.
Delar av denne artikkelen bygger på «Javier Hernández Balcázar» frå , den 16. november 2025.
Kategori:Meksikanske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014