Rettens Gang er ein publikasjon som har kome ut sidan 1933. Sidan 1950 har Den Norske Advokatforening vore utgjevar. Den inneheld utvalde rettsavgjerder frå norske lagmannsrettar og tingrettar.
Avgjerdene i Rettens Gang er underrettsdommar, og har difor avgrensa vekt som rettskjelde. Likevel blir det ofte vist til slike avgjerder i juridisk litteratur og i rettspraksis, gjerne i samband med rettsspørsmål som ikkje har blitt avgjorde i Høgsterett. Det blir då vist til års- og sidetal i Rettens Gang, og ofte kva for ein domstol avgjerda er frå, til dømes «RG 1978 s. 442 (Eidsivating)».
Alle avgjerder som er tekne inn i Rettens Gang er tilgjengelege på Lovdata.
Sjå også
Norsk Retstidende Norsk Lovtidend
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rettens Gang» frå , den 14. november 2010.
Kategori:Norsk rettskjeldelære Kategori:Skipingar i 1933 Kategori:Norske juridiske tidsskrift