Liv Midttun () var ein norsk formingslærar og instruktør i folkevisedans. Midttun kom frå Eivindvik i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.
Liv Midttun arbeidde som formingslærar på skular i Åsane, i Bergen, på Nordmøre, i Hallingdal og i Buskerud. Frå 1956 til 1964 sat Midttun som leikleiar i Noregs Ungdomslag. Ho la ned svært mykje arbeid i å utforma bøkene om «Norske Folkedansar».
Liv Midttun døydde i 1998.
Sjå også: Norsk folkedans Norsk songdans Noregs Ungdomslag
Kjelder
Sogn og Fjordane Fylkesleksikon om Liv Midttun.
Kategori:Folk frå Gulen Kategori:Norsk folkedans