Verkemiddel i lyrikk er dei uttrykksmidla som er vanlege i lyriske tekstar. I lyrikk legg ein gjerne stor vekt på dei einskilde orda og dei konnotasjonane dei skaper, vidare på dei musikalske sidene ved språket og på språklege bilete. Somme tider bryt teksten med vanlege reglar for grammatikk og rettskriving, og han kan også ha fått ei uvanleg grafisk form.

Vi skil gjerne mellom lyrikk i diktform, som er det typiske, og prosalyrikk, som er prosa med lyriske trekk. Eit anna skilje går mellom tradisjonell lyrikk (eller dikt), som er bygt opp etter eit fast rim- og rytmemønster, og moderne lyrikk, som er utforma på ein friare måte.

Diktforma Overskrift Linjeinndeling Strofeinndeling Enjambement

Musikalske verkemiddel Enderim Bokstavrim Rytme Takt Onomatopoetikon

Ordval Denotasjon Konnotasjon Høgstil Lavstil

Språklege bilete Samanlikning Metafor Metonymi Besjeling Personifisering Symbol Allegori Allusjon Heiti Kjenning

Andre verkemiddel Komposisjon Kontrast Gjentaking Anafor Epifor Syndese Asyndese Grammatikk Grafisk form

Kjelder Hans Petter Løvold og Magne Eide Møster, 1988, Analyseboka.

Kategori:Litterære verkemiddel