Slaget ved the Thousand Islands vart utkjempa 16. til 24. august 1760 i øvre St. Lawrence-elva, ved sidan av Thousand Islands, i det som i dag er grensa mellom Canada og USA. Dette vart eit av dei siste slaga mellom britiske og franske styrkar i sjuårskrigen, eller den franske og indianske krigen som han vert kalla i USA.

Slaget fann stad ved Fort Lévis (om lag 1,5 km nedanfor dagens Ogdensburg–Prescott International Bridge), Point au Baril (dagens Maitland i Ontario) og farvatnet og øyane omkring. Den vesle franske garnisonen i Fort Lévis heldt den langt større britiske armeen i sjakk i over ei veke, og klarte å søkke to britiske krigsskip og øydeleggje eit tredje. Motstanden deira forseinka framrykkinga til britane mot Montréal frå vest.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Battle of the Thousand Islands» frå , den 12. november 2010. oppgav desse kjeldene: Beacock Fryer, Mary (1986). Battlefields of Canada, Toronto: Dundern Press Limited. ISBN 1550020072 Malcomson, Robert (2001). Warships of the Great Lakes 1754-1834, Great BritaI: Chatham Publishing. ISBN 1-84067-535-7 Marston, Danial (2002). The French-Indian War 1754-1760, Great BritaI: Osprey Publishing. ISBN 1-84176-456-6

Kategori:Konfliktar i 1760 Thousand Islands 1760 Thousand Islands 1760 Thousand Islands 1760