«You Can Call Me Al» er ein song av Paul Simon og den første singelen frå albumet Graceland. Songen gjekk opphavleg opp til 44. plass på lista i USA i oktober 1986, men vart gjeven ut på ny med betre promotering i mars 1987og nådde 23. plass. I Storbritannia gjekk han heilt til fjerdeplassen og i Sverige og Nederland andreplass.
Teksten er tolka til å skildre ein mann som opplever ei midtlivskrise.31/Aug/1996 The Dance Within the Hit Parade NYTimes.com («Where's my wife and family? What if I die here? Who'll be my role model?»).
Det er ein bassgang i songen spelt av Bakithi Kumalo. Den andre halvdelen av bassoloen er den første halvdelen spelt baklengs.
Namnet frå songen kom frå ein fest Simon var på med den dåverande kona si Peggy Harper. Vertane på festen kalla feilaktig Paul for «Al» og Peggy for «Betty», noko som inspirerte Simon til å skrive ein song.Classic Tracks: Paul Simon 'You Can Call Me Al' Soundonsound.com
Musikkvideoar Paul Simon likte ikkje den originale musikkvideoen han lagde, som vart ei framføring av songen Siomn gav under monologen han hadde då han var vert i Saturday Night Live.Original Music Video Vh1.com Ein ny video vart laga i lag med Lorne Michaels og regissert av Gary Weis, der Chevy Chase mimar til songen.You Can Call Me Al musikkvideo Mdvbase.com Simon hadde ei uttrykk i andletet som om han keia seg gjennom heile videoen, medan Chase såg særs entusiastisk ut.
Andre versjonar Andre artistar som har spelt songen er Noah and the Whale, Hot Club de Paris, Jens Lekman, moe. og Inspection 12.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «You Can Call Me Al» frå , den 5. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Classic Tracks: Paul Simon "You Can Call Me Al"
Kategori:Paul Simon-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Songar skrivne av Paul Simon