Paul Frederic Simon () er ein USA-amerikansk songar og låtskrivar. Han er mest kjend som ein halvdelen i duoen Simon & Garfunkel i lag med Art Garfunkel. Simon skreiv dei fleste av songane deira, mellom anna tre songar som nådde førsteplassen i USA, «The Sound of Silence», «Mrs. Robinson» og «Bridge Over Troubled Water».Bronson s. 428 Duoen skilde lag i 1970, på høgda av popularitetene sin, og Simon starta ei suksessrik solokarriere. I løpet av dei neste fem åra spelte han inn tre kritikarroste album. I 1986 gav han ut Graceland, eit album inspirert av mbaqanga-musikk frå township i Sør-Afrika, som gav energi til kampen mot apartheid og blei det mest populære soloprosjektet hans med 14 millionar selde eksemplar.

Utanom musikk har Simon skrive og spelt i filmen One Trick Pony i 1980, og han var med på å skrive Broadway-musikalen The Capeman med diktaren Derek Walcott i 1998. I solokarrieren sin og med Simon & Garfunkel har Simon vunne 16 Grammy-prisar, mellom anna Lifetime Achievement Award. I 2001 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i vart han vald ut av bladet Time som ein av «100 menneske som forma verda». Bladet Rolling Stone utnemnde han til ein av dei 100 største gitaristane i 2011 og til ein av dei 100 største låtskrivarane nokonsinne i 2015. I 2007 var han den første mottakaren av Library of Congress sin Gershwinpris. I 1986 vart han utnemnd til æresdokto i musikk ved Berklee College of Music, der han seinare vart medlem av styret.

Biografi Tidleg liv og karriere Paul Simon vart fødd i Newark av jødiske, ungarske foreldre. Faren hadde vore ein av dei første musikarane på radio då han levde i Ungarn. I 1941 flytte familien til New York City.

Simon byrja å spele musikk på Forest Hills High School der han møtte Art Garfunkel, som begge då var 11 år gamle. Dei spelte i lag i ei oppføring av Alice in Wonderland og starta å synge i lag då dei var 13,Old Friends: Live on Stage live concert DVD og CD. og spelte stundom på skuledansar. Idola deira var the Everly Brothers, og dei etterlikna stilen deira med tette vokalharmoniar. Simon var òg interessert i jazz, folk og blues, særleg artistar som Woody Guthrie og Lead Belly.

I 1957, då dei enno var unge tenåringar, spelte Simon og Garfunkel inn songen «Hey, Schoolgirl» under namnet Tom & Jerry. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 49. plass på poplista i USA. Etter high school gjekk Simon på Queens College, medan Garfunkel studerte på Columbia University på Manhattan.

Mellom 1957 og 1964 skreiv, innspelte og gav Simon ut meir enn tretti songar, stundom i lag med Garfunkel som Tom & Jerry for enkelte singlar. Dei fleste songane hans i denne perioden vart anten framført aleine eller med andre musikarar enn Garfunkel. Dei vart gjevne ut på fleire mindre plateselskap som Amy, Big, Hunt, King, Tribute og Madison. Han nytta fleire psevdonym for desse innspelingane, som Jerry Landis, Paul Kane (frå Orson Welles-filmen Citizen Kane) og True Taylor. Simon oppnådde noko sukses med eit par av singlane som ein del av gruppa kalla Tico and the Triumphs, mellom anna songen «Motorcycle», som nådde 97. plass i USA i 1962. Tico and the Triumphs gav ut fire singlar. Same året nådde Simon 99. plass som Jerry Landis med «The Lone Teen Ranger».

I 1965 flytta Simon til England og spelte på viseklubbar og kafear her. Her møtte han mellom anna ei jente, Kathy Chitty, som han vart kjæraste med og som vart inspirasjon for «Kathy's Song», «America» og andre. I 1965 spelte han inn eit soloalbum, The Paul Simon Songbook i England. Samstundes skreiv han fleire songar i lag med Bruce Woodley frå den australske popgruppa The Seekers, mellom andre «I Wish You Could Be Here», «Cloudy» og «Red Rubber Ball». Den amerikanske gruppa The Cyrkle spelte inn «Red Rubber Ball», som nådde førsteplassen i USA.

Simon & Garfunkel

Tidleg i 1964 spelte Simon & Garfunkel for Columbia Records, og Clive Davis vart nok imponert til at han gav dei ein kontrakt for eit album. Columbia bestemte at dei berre skulle kalle seg «Simon & Garfunkel», i staden for «Tom and Jerry». Simon hevda i 2003 at dette var første gong dei faktiske namna til nokon artist hadde vorte nytta i popmusikk.Paul Simon, då han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, Cleveland, 2003.

Det første albumet deira, Wednesday Morning, 3 A.M., kom ut i oktober 1964 og bestod av tolv songar, fem av dei av Simon. Albumet selde dårleg, men etter kvart byrja radiostasjonar på austkysten å motta ønske om å høyre ein av songane, Simon sin «The Sounds of Silence». Produsenten deira, Tom Wilson, la så til elektrisk gitar, bass og trommer på songen og gav denne versjonen ut som singelen. Singelen nådde etter kvart førsteplassen i USA.

Simon hadde reist til England i 1965 etter at Wednesday Morning, 3 A.M. først mislukkast, men han reiste attende til USA for å slå seg saman med Garfunkel att då «The Sounds of Silence» byrja å krype oppover listene. Dei spelte så inn albuma Sounds of Silence, Parsley, Sage, Rosemary and Thyme, Bookends og det særs populære Bridge over Troubled Water. Simon & Garfunkel medverka òg i stor grad til filmmusikken til Mike Nichols-filmen The Graduate i 1967 (med Dustin Hoffman og Anne Bancroft i rollene).

Etter at duoen vart oppløyst etter Bridge over Troubled Water i 1970, starta han solokarrieren sin, men spelte stundom i lag med Garfunkel. I 1981 spelte dei mellom anna ein kjend konsert i Central Park, etterfølgd av ein verdsturne og eit planlagt studioalbum som aldri vart nko av. Dette albumet vart til slutt gjeven ut av Simon, utan Garfunkel, som Hearts and Bones. I lag vart dei innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990.

Utover på 2000-talet har duoen fleire gonger halde turnear i lag.

1971–1976 Etter at Simon & Garfunkel vart oppløyst i 1970, starta Simon å skrive for eit soloalbum. Paul Simon kom ut i januar 1972. Før dette hadde han eksperimentert med verdsmusikk, den Jamaica-inspirerte «Mother and Child Reunion», som vert rekna som eit av dei første døma på reggae av ein kvit musikar. Singelen vart ein hitt og nådde Topp 5 i både USA og Storbritannia. Albumet gjorde det òg særs bra og fekk særs god kritikk. Det nådde fjerde plassen i USA og gjekk til topps i Storbritannia og Japan. Ein annan singel frå albumet, «Me og Julio Down by the Schoolyard», nådde Topp 30 i USA.

Det neste prosjektet til Simon vert rekna som eit pop-folk-meisterverk, There Goes Rhymin' Simon, og kom ut i mai 1973. Det inneheld nokre av dei mest populære songane hans. Den første singelen «Kodachrome» nådde andreplassen i USA, og oppfølgjaren, den gospel-aktige «Loves Me Like a Rock», gjekk heilt til topps. Andre songar, som «American Tune» eller den melankolske «Something So Right» har vorte standardar i katalogen til Simon. Albumet fekk enn betre kritikk og selde meir enn debutalbumet. Det vart gjeve ut eit konsertalbum, Live Rhymin' i 1974, etter den påfølgjande turneen. Det selde moderat, og synte endringar i musikkstilen til Simon, der han helte mot verdsmusikk og religiøs musikk.

Still Crazy After All These Years var det neste albumet hans og kom ut i oktober 1975. Det var produsert av Simon og Phil Ramone og var ei ny musikalsk retning for Simon. Stemninga var mørkare, og songane var skrivne og spelt inn etter skilsmissa frå den første kona hans. Singelen «Gone at Last» var ein duett med Phoebe Snow, som kom ut før albumet. Her er òg songen «My Little Town», som vart spelt inn i lag med Garfunkel. Han vart gjeven ut som singel og nådde 9. plass i USA. Albumet gjekk heilt til topps i USA, det einaste albumet hans som har oppnådd dette. Simon vann Grammy-pris for «Årets album» med dette albumet, og han vann òg prisen for «beste popvokal». Den tredje singelen frå albumet, «50 Ways to Leave Your Lover» gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista.

1977–1985 Etter tre suksessrike studioalbum, vart Simon mindre produktiv den andre halvparten av 70-talet. Han dreiv med forskjellige prosjekt, som å skrive musikk for filmen Shampoo og noko skodespel. Han spelte mellom anna Tony Lacey i Woody Allen-filmen Annie Hall. Han fekk nok ein hit med singelen «Slip Slidin' Away» frå samlealbumet Greatest Hits, Etc. i 1977. Singelen nådde femteplass i USA.

I 1980 gav han ut One Trick Pony, det første albumet hans på Warner Bros. Records og det første albumet på nesten fem år. Det kom samstundes med filmen med same namn, som Simom skreiv for og spelte i. Sjølv om det gav han den siste Topp 10-singelen hans i USA med «Late in the Evening», selde ikkje albumet så godt. Musikkmarknaden var no dominert av diskomusikk. Simon spelte inn Hearts and Bones, eit polert og bekjennande album som etter kvart vart rekna som eit av hans beste. Verken albumet eller den første singelen «Allergies» selde godt. I januar 1985 song Simon på singelen «We Are the World».

1986–1992 Etter Hearts and Bones, følte Simon at han hadde mista inspirasjonen og han tvilte på at han nokon gong kom til å oppleve høge salstal igjen. Då han køyrte i bilen sin seint i 1984 høyrte han på ein kassett av the Boyoyo Boys-instrumentalen «Gumboots: Accordion Jive Volume II». Han vart interessert i den uvanlege stilen, og skreiv tekstar til fleire av songane, som han så spelte inn med song på. Dette var dei første songane til det som kom til å verte det kritikarroste albumet Graceland, ei blanding av musikkstilar som omfatta pop, a cappella, isicathamiya, rock og mbaqanga. Simon følte at han ikkje hadde noko å tape. Han reiste til Sør-Afrika i eit forsøk på å fange opp kulturen og finne eit komfortabelt miljø han skulle spele inn albumet i. Innspelinga starta i februar 1985 i Johannesburg. Seinare gjorde han fleire opptak i april 1986 i New York. Mange musikarar og grupper frå Sør-Afrika, mellom anna Ladysmith Black Mambazo. Simon samarbeidde òg med fleire artistar frå sin eigen kultur, mellom anna ein duett med Linda Ronstadt på «Under African Skies». Warner Bros. Records var i tvil om dei skulle gje ut albumet, men gav etter og gav det ut i august 1986, Graceland vart hylla av kritikarane og vart det mest suksessrike albumet til Simon. Det klatra sakte oppover listene over heile verda og nådde førsteplassen i mange land, mellom anna Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand. I USA nådde det 3. plassen, men i Noreg berre 13. plass. Albumet vart det nest mestseljande albumet i 1987 i USA, med fem millionar eksemplar. Etter kvart fekk det 5x platina. Med rundt sju millionar selde album elles i verda, vart det hans mestseljande album. Mykje av suksessen kom av første singelen, den livlege «You Can Call Me Al», med tekst om ein mann som opplever ei identitetskrise. Songen hadde mange minneverdige trekk, som eit fengande synthesizer-riff, ein fløytesolo og ein uvanleg bassolo. Musikkvideoen var eit humoristisk klipp med Chevy Chase, og Simon vart introdusert for eit nytt publikum via MTV. Singelen nådde Topp 5 i Storbritannia og Topp 25 i USA. Andre singlar som «The Boy in the Bubble» og «Diamonds on the Soles of Her Shoes», selde ikkje så godt, men vart mykje spelt på radio.

45 år gammal var Simon brått ei stor stjerne. Han vann Grammy-prisen for «Årets album» i 1987, samt prisen for «Årets singel» eit år seinare. Han la så ut på ein særs populær turne, Graceland Tour, som vart filma. Warner Bros. Records, som no òg hadde rettane til dei tidlegare Simon-albuma på Columbia, gav ut albumet Negotiations and Love Songs i november 1988. Det var ei blanding av dei største hittane hans og dei personlege favorittane til Simon frå heile karrieren hans. Albumet vart enno ein bestseljar.