Iannis Xenakis òg Yannis () var ein gresk-fransk komponist og arkitekt. Han var innan arkitekturen ein elev av mellom andre Le Corbusier og av Olivier Messiaen innan musikk.
Biografi mini|venstre|Xenakis i 1975 Han var utdanna som ingeniør og deltok i den greske motstandskampen under den andre verdskrigen. Etter krigen, i 1947, busette han seg i Paris, der han studerte musikk med mellom andre Olivier Messiaen. I 1950-åra var han ei stund assistent for arkitekten Le Corbusier og i lag med han bygde dei Philips-paviljongen ved verdsutstillinga i Brussel i 1958.
Innan musikken vart Xenakis kjend for teoriane sine om samband mellom musikk og matematikk, fysikk og arkitektur, og særleg er namnet hans knytt til såkalla stokastisk musikk, der heilskapen i verket kan vere forutsigbart, medan detaljane byggjer på tilfeldigheiter.
Av komposisjonane hans finn ein Metastasis (1953–54), Pithoprakta (1955–56), Stratégie (1959–62), Polytope (1967) og Tuorakemsu (1990). Pléiades (1978) er for seks slagverk, Nekuïa (1980) for kor og orkester. Han skreiv òg musikk for scenen.
Kjelder
Kategori:Greske arkitektar Kategori:Komponistar frå 1900-talet Kategori:Greske komponistar