Brandangersundet bru er ei nettverksbogebru på Fylkesveg 5582 i Gulen kommune i Vestland. Brua går over Brandangersundet.

Brua knyter saman Sandøy med resten av fastlandet i Gulen og saman med bruene Nappsundbrua, Mjømnesundbrua og Mjåsundbrua gjev ho fastlandssamband til øyene Mjømna og Byrknesøy. Brua over Brandangersundet har eitt hovudspenn på 220 m og ei totallengd på 285 m. Dette er den lengste nettverksbogebrua i Noreg og samstundes den til no smalaste i verda. Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik mista stoppet i Skipavik og trafikkerer berre strekninga Leirvåg-Sløvåg etter opninga av brua.Endelig: Brandangersundet bru er utlyst - Våre Veger - Besøkt 18. april 2010Brandangersundet bru til Skanska - Teknisk Ukeblad - Besøkt 18. april 2010Bru over Brandangersundet Statens Vegvesen - besøkt 18. april 2010

Planlegging og bygging Brua er prosjektert av Aas-Jakobsen AS. Planlegginga av brua vart mykje meir omfattande enn fyrst tenkt og byggestart på brua vart utsett fleire gonger. I mars 2009 var anbodet lyst ut med frist 18. mai 2009. I juli 2009 vart det underteikna kontrakt med Skanska om bygging av brua. Brua vart bygd på land i Sløvåg og så lyft på plass av to kranbåtar 3. september 2010. For å få gjennomført lyftet og transporten til Brandangersundet måtte ei høgspentlinje som forsyner Mongstad-raffineriet med straum mellombels demonterast. Dette vart gjort i samband med produksjonsstopp på raffineriet i september 2010. 4. november 2010 vart Fylkesveg 4 i Sogn og Fjordane, Sløvåg-Ånneland, offisielt opna.

Andre nettverksbogebruer i Noreg Til no finst det berre to til nettverksbogebruer i Noreg. Dei vart begge opna i 1963. Håkkadalsbrua over Steinkjerelva i Nord-Trøndelag, hovudspenn på 79,75 m, den fyrste nettverksbogebrua i Noreg, opna i juli 1963 Bolstadstraumen bru i Hordaland, hovudspenn på 84 m

Sjå og Bruer i Noreg

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Brandangersundet bro» henta frå Wikipedia på bokmål. Der vart desse kjeldene gjevne:

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Veg og ferje mellom Byrknesøy og fastlandet» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Kategori:Bruer i Gulen Kategori:Bruer opna i 2010 Kategori:2010 i Noreg