Living with War: «In the Beginning» er ei enklare utgåve av Neil Young-albumet Living with War frå 2006. Den originale tittelen var opphavleg Living with War - Raw.
Albumet inneheld dei første miksane av innspelingane, som vart gjort live av Young, Rick Rosas og Chad Cromwell. Miksane vart gjort same dag dei vart innspelt og gjort tilgjengeleg på iTunes på valdagen 7. november 2006. Plata kom ut i ei avgrensa utgåve med ein DVD som inneheldt videoar regissert av Young til kvar enkelt song på albumet. Han nytta mange biletkjelder, både frå irakkrigen, demonstrasjonar i USA og frå Al Gore-filmen An Inconvenient Truth. Videoane er ikkje berre ei oversikt over kva som hadde skjedd dei føregåande tre åra, men òg korleis det påverka heile verda.
Living with War, kom opphavleg ut tidleg i mai 2006, og sette i gang reaksjonar frå begge sider av det politiske gjerdet. Med songar som «The Restless Consumer», «Shock and Awe», «Flags of Freedom» og «Let's Impeach the President», vart Living with War raskt rekna som ein unik musikalsk uttalelse. På denne utgåva av albumet er lyden rett frå kjelda, fanga live i studio nøyaktig slik dei vart spelte inn.Reprise Records, Neil Young's Living with War - Raw Scheduled for Release via Digital Download on november 7th; 4 Videos Available on iTunes ," 18 oktober 2006, at
Innhald
Medverkande Neil Young: gitar, vokal Rick Rosas: bass Chad Cromwell: trommer Tom Bray: trompet
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Living with War: "In the Beginning"» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2006 Kategori:Neil Young-album