mini|Ein kjend Christopher, Christofer Columbus, heitte eigentleg Cristoforo Colombo.

Christopher er eit mannsnamn nytta mellom anna i Noreg. Namnet er ei form av det greske namnet Khristofóros som tyder «Han som ber Kristus (i hjarta sitt)». Den vanlegaste skrivemåten av namnet i Noreg er Kristoffer, andre skrivemåtar brukt i norsk er Christoffer, Christofer og Kristopher. Namnet er også brukt i ulike former i ei lang rekkje andre språk. Den truleg mest kjende beraren av namnet, Christofer Columbus, heiter til dømes Cristoforo i fødelandet Italia, Cristóvão i det andre heimlandet sitt, Portugal, og Cristóbal i Spania.

Namnedagar

Norsk namnedag for Christopher: 14. mai Norsk namnedag for Kristoffer: 18. desember Minnedag i den katolske kyrkja: 25. juli, i Tyskland 24. juli, og i Austkyrkja oftast minna 9. juli

Kjende berarar av namnet Christoffer I av Danmark (1219-1259) – konge i Danmark 1252–59 Christoffer II av Danmark (1276-1332) – konge i Danmark 1320–26 og 1329–32 Christoffer av Bayern – (1416-1448) konge i Danmark 1440–48, konge i Noreg 1442–48 og konge i Sverige 1441–48 Christofer Columbus (død 1506) – portugisisk sjønavigatør og oppdagar Rasmus Christoffer Effersøe (1857-1916) – færøysk diktar og politikar Christopher Hornsrud (1859-1960) – norsk politikar, statsminister 1928 Christoffer Stixrud (1900-1968) – norsk målar Christopher Okigbo (1932-1967) – nigeriansk lyrikar Christoffer Selbekk (f. 1939) - norsk skihoppar Christopher Nielsen (f. 1969), norsk teikneserieskapar, bror til Joachim Nielsen Christoffer Torris Olsen, (f. 1986), norsk venstrepolitikar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av gresk opphav