Johanne Marie Giæver Tenfjord () var ein norsk bibliotekar, forfattar, omsetjar, forleggar og kulturarbeidar. Ho vart kjent for formidlinga si av eventyr og myter. Desse femner både eigendikta, atterdikta og forteljingar bygd på myter.
Liv og virke Tenfjord har sjølv sagt at oppveksten hennar i Oslo Ladegård var som å vekse opp i eit spøkjelseshus, der dei hadde eit spøkjelse som dei dagleg måtte halde seg til. I oppveksten var ho omgjeven av fleire gamle menneske som hadde mange gode historier og eventyr å fortelja. Familien hennar kjem frå Olderdalen i Troms, og i historia Tre trylleord (1976) er handlinga lagt til Troms.
Tenfjord arbeidde i perioden 1940–47 som bibliotekar ved Deichmanske bibliotek i Oslo. Seinare studerte ho barnelitteratur, og underviste i emnet ved Statens bibliotekhøgskole og som førelesar ved ulike lærarhøgskular. Ho arbeidde også som redaktør i Bokklubbens Barn.
Tenfjord var ein av dei forfattarane som var med på å endre innhaldet i barnebøkene etter 2. verdskrig, der ho i Venner verden over (1949) skriv for å fremja internasjonal forståing. Inspirasjon til boka fekk ho etter i 1948 å ha fått eit UNESCO-stipend til deltaking ved eit internasjonalt seminar i USA om formidling av FNs oppbygging og målsetjing.
Hannebo Holm og Guri Gla Tenfjord debuterte litterært i 1941 under pseudonymet Guri Gla med boka Valsesommer. Ho gav også ut boka Hannemor vil ikke gifte seg under same psevdonym (1942). I 1956 gav ho ut boka Skjønnhetsdronning under pseudonymet Hannebo Holm.
Boka Skjønnhetsdronning fekk Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur (3. pris) i 1956.
Verv 1956-1965 Formann i Norsk Barnebokforum / Norsk kuratorium for barne- og ungdomsbøker 1957-1981 Medlem av Kyrkjedepartementet rådgivande komité for skuleboksamlingar 1965-1968 President for Children's International Summer Villages 1966-1974 Formann i Den norske UNICEF-komité 1974-1982 Formann i Kringkastingsrådet
Styremedlem og viseformann for International Board on Books for Young People Medlem av juryen for H.C. Andersen-prisen
Litteratur Eigne verk 1941: Valsesommer (som Guri Gla) 1942: Hannemor vil ikke gifte seg (som Guri Gla) 1947: Barn og lesning 1949: Venner verden over 1954: Jens krysser himmelrommet (saman med Gunnar Oxaal) 1956: Skjønnhetsdronning (som Hannebo Holm) 1959: I arbeid for Norges hjem 1968: Olav's Potato Field 1971: Regnbuebroen og andre fortellinger 1973: Jørgen fra Helgeland 1974: På spor etter spor 1976: Tre trylleord 1977: Reisen gjennom våren 1979: Tre trudelutter 1982: Hvor er dokka? 1986: Påskemåne, ønskesol 1987: Sistemann støtt 1988: Den store gåten 1992: Tulipanens hemmelighet 1994: Sally Sjørøverdatter 1997: Fra bøkenes verden (barnelitteraturhistoriske biografiar)
Som redaktør, omsetjar 1959: Eventyr og sagn, L. Bechstein 1963-1965: Barndomslandet 1968: Tam-tam-trommelom og andre afrikanske eventyr 1971: Ønsketreet 1979: Ro, ro til regleland 1986: Norge rundt med eventyr 1989: Den store dikt- og regleboka 1990: Den Store eventyrboka 1992: Julenisseboka 1995: Asbjørnsen og Moe 1996: Barnas skattkiste 1996: Den store fest- og høytidsboka 1997: Baron von Münchhausen 1997: Hundre års barndom
Omsetjingar 1948: Mesterdetektiven Blomkvist, Astrid Lindgren 1952: Ingen steder som Bakkebygrenda, Astrid Lindgren 1956: Anne drar fra Bjørkely, L. M. Montgomery 1957: Annes drømmehjem, L. M. Montgomery 1958: Barna fra Bråkmakergata, Astrid Lindgren | 1964: Lotta fra Bråkmakergata 1958: Anne og regnbuedalen, L. M. Montgomery 1961: Jul i stallen, Astrid Lindgren 1962: Emily på månegården, L. M. Montgomery (med 2 påfølgjande bøker i seriene i 1963 og 1964) 1964: Jul i Bakkebygrenda, Astrid Lindgren 1972: Anne og Marilla L. M. Montgomery 1974: En bjørn ved navn Paddington, Michael Bond (med 5 påfølgjande bøker i serien i åra etter) 1983: Robin Hood, Rosemary Sutcliff 1990: Ramperim og ville vers, Roald Dahl 1992: Barna fra Bråkmakergata, Astrid Lindgren 2000: Pippi Langstrømpe i Humlegården, Astrid Lindgren
Bøker av Tenfjord på engelsk og tysk Beauty queen, Abelard Schuman A husband for Hannah, Abelard Schuman Olav's potato field, Silver Burdett & Co
Sally und das Geheimnis der Schatzinsel, (Hamburg, 1996)
Om henne Jo Tenfjord. Barndom i Oslo ladegård (Gamlebyen historielag, 2003) (hefte) Jo Tenfjord. «Mitt liv med barnebøker» I: Forfatteren, nr 4, 2003 Barnebokas veier : festskrift til Jo Giæver Tenfjord på 70-årsdagen 13. august 1988, redigert av Karin Beate Vold og Tordis Ørjasæter (Eide forlag, 1988)
Prisar Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1949, for Venner verden over Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1954, for Jens krysser himmelrommet (saman med Gunnar Oxaal) Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1956, for Skjønnhetsdronning (som Hannebo Holm) Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1973, for Jørgen fra Helgeland (saman med Reidar Johan Berle) International Board on Books for Young People Certificate of Honor, for Tre trylleord (saman med Reidar Johan Berle) Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1976, for Tre trylleord Askeladdprisen 1985 Jella Lepman-medaljen (International Board on Books for Young People) 1991 Månedens ungdomsbok januar 1997 (tysk), for Sally und das Geheimnis der Schatzinsel (Sally Sjørøverdatter)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jo Tenfjord» frå , den 7. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff Tidsskriftet Forfatteren, nummer 4.03. Inneheld Jo Tenfjords selvbiografiske føredrag «Mitt liv med barnebøker»
Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Vinnarar av kulturdepartementet sine barnebokprisar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Eventyrforfattarar Kategori:Vinnarar av Askeladdprisen