mini|Utsikt frå Nupen mot Andøya Nupen, eller Nupsneset, er ein stad ved Bremnes i Kvæfjord kommune, like ved kommunegrensa til Harstad.
Nupen er eigentleg namnet på det over 400 høge fjellet i sør, men vert brukt i daglegtale om området ved fylkesveg 7740 og ved fjæra, dit mange fer for å sjå midnattssola. Tidlegare var det ein kiosk på staden, og i samband med oppgradering av vegen på 80-talet vart det sett opp ein rasteplass med benkar, toalett og informasjonsskilt der.
Frå Nupen ser ein over Kasfjorden til fjellet Elgen og Ytre Elgsnes, til Grøtavær, Andøya og Gapøya, i nord mot Andfjorden med Norskehavet heilt til horisonten i nord.
Nupen vart i 2009 kåra til den mest romantiske staden i Noreg av reisemagasinet Reiser og Ferie.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nupen» frå , den 26. september 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Geografi i Kvæfjord