Dislokasjon er eit omgrep som tyder flytting eller forstyrring og vert nytta innan fleire fagfelt.

Dislokasjon i medisin, forskyving av eit organ eller ein organdel frå normalt leie. Dislokasjon i fysikk, feil i den atomære strukturbygningen i fast materiale. Dislokasjon i geologi, eldre omgrep for geologiske prosessar som fører til at større bergartsmassar skiftar plass.