__NOTOC__

Jernsporvar, Prunellidae, er einaste fuglefamilien som er heilt endemisk for den palearktiske regionen. Denne vesle gruppa av 13 artar nærståande sporvefuglar er alle i éi slekt Prunella. Alle lever i dei fjellrike regionane i Europa og Asia, men artane jernsporv og japanjernsporv finst òg i låglandet, sameleis sibirjernsporv lengst nord i Sibir. Fuglane i slekta er ikkje typiske trekkfuglar, men dei vil forlate dei kaldaste delane av utbreiingsområdet om vinteren, og dei kan flytte seg til mindre høgd over havet.

Skildring Desse små, nokså grålege artane liknar, men er ikkje nært relatert til familien sporvar, dei er generelt rekna å vere nærast knytt til trastar eller songarar. Dei er 14 til 18 centimeter i lengd, og veg mellom 25 og 35 gram. Jernsporvar har tynne skarpe nebb, som reflekterer dietten deira av bakkelevande insekt om sommaren, supplert med frø og bær om vinteren. Dei kan òg svelgje grus og sand for å hjelpe til med å bryte opp desse frøa.

Dei typiske habitata deira er fjellområde i eit område langt over tregrensa, men under snølinja. Altaijernsporv kan finnast så høgt som 5600 moh. når dei hekkar, men dei fleste jernsporvar hekkar i krattvegetasjon på lågare nivå. Dei fleste artane vandrar nedover for vinteropphald, med berre nokre er hardføre nok til å overleve høgt også om vinteren. Jernsporvar lever mesteparten av tida si i underskog. Dei fleste av artane lever saman i flokkar. Arten jernsporv er eit unntak sidan han føretrekkjer å vere einsam, unntatt når han søkjer føde.

Jernsporvar kan ha to til tre ungekull i året. Spelet består av mykje song frå hannar, og kan innehalde korte flygingar slik som lerker gjer for å tiltrekkje seg ein make. Hos dei fleste artane, vil begge kjønna ta del i reirbygginga, med arten jernsporv igjen som eit unntak - her tar hannfuglane ikkje del i reirbygging eller ruging. Dei byggjer eit ryddig koppforma reir og legg ca. 4 grøne eller blå egg. Egga rugast i rundt 12 dagar. Ungane vert mata av begge foreldra og treng ytterlegare 12 dagar eller meir til dei er flygedyktige.

Artslista Jernsporvar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Alpejernsporv, Prunella collaris, Alpine Accentor, LC, Scopoli, 1769 Altaijernsporv, Prunella himalayana, Himalayan Accentor, LC, Blyth, 1842 Tibetjernsporv, Prunella rubeculoides, Robin Accentor, LC, Moore, 1854 Rustbrystjernsporv, Prunella strophiata, Rufous-breasted Accentor, LC, Blyth, 1843 Sibirjernsporv, Prunella montanella, Siberian Accentor, LC, Pallas, 1776 Einerjernsporv, Prunella ocularis, Radde's Accentor, LC, Radde, 1884 Yemenjernsporv, Prunella fagani, Yemen Accentor, NT, Ogilvie-Grant, 1913 Kvitbrynjernsporv, Prunella fulvescens, Brown Accentor, LC, Severtsov, 1873 Svartstrupejernsporv, Prunella atrogularis, Black-throated Accentor, LC, Br&t, 1844 Mongoljernsporv, Prunella koslowi, Mongolian Accentor, LC, Przewalski, 1887 Jernsporv, Prunella modularis, Dunnock, LC, Linné, 1758 Japanjernsporv, Prunella rubida, Japanese Accentor, LC, Temminck & Schlegel, 1848 Kaneljernsporv, Prunella immaculata, Maroon-backed Accentor, LC, Hodgson, 1845

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Accentor» frå , den 22. september 2010

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar av jernsporbar hos Internet Bird Collection

Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fugleslekter