Peter Nicolai Myhre () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han var stortingsrepresentant frå Oslo frå 2009 til 2013 og medlem av utanriks- og forsvarskomiteen. Før dette var han byråd i Oslo 2003–2009 og ordførar 1990–1991. Biografi Myhre er son av Gunnar Peter Myhre og Gunhild Nordlid. Han gifta seg i 1985 med Marie Françoise Millou. Innan utdanning har Myhre examen artium frå 1973, befalsskole 1974 og norsk grunnfag 1976.

Han var leiar i Framstegspartiet sin Ungdom i perioden 1978-1984, har vore medlem av Oslo bystyre frå 1979, og han var ordførar i byen frå 1990 til 1991. I perioden 2003–09 var han byråd for miljø og samferdsel. Han gjekk av 24. februar 2009 etter eige ønskje, då han var kandidat på sikker plass på Framstegspartiets valliste til stortingsvalet 2009.Aftenposten.no:Trekker seg som byråd Ved å trekkje seg som byråd kom Myhre truleg eit mistillitsforslag mot seg i forkjøpet grunna involveringa hans i billettskandalen.NRK.no:Myhre trakk seg i tide Byrådssekretæren hans var Lene Langemyr. Myhre vart etterfylgd av Jøran Kallmyr som byråd.VG.no:Oslo-byråd trekker seg

Politiske verv Partisekretær i Oslo Framstegsparti 1980–1982 Medlem av sentralstyret i Framstegspartiet Kommunalråd Oslo kommune 1984–1987Oslo Kommune Bystyret: Petter N. Myhre (F) Varaordførar i Oslo 1988–1990, Ordførar i Oslo 1990–1991 Komitéleiar samferdsels- og miljøkomiteen 1992–1995 Tilsynsutvalet frå 1992 Vei- og vassutvalet 1979–86 (formann 84–86) Formann i park-, idretts- og reinhaldsutvalet 1984–86 Restaurant- og løyvenemnda 1985–1990 Bygningsrådet 1988–90 Nestformann samferdselskomiteen 1986–87 Leiar samferdsels- og miljøkomiteen frå 1992–1995 Medlem likestillingsutvalet 1981–83 Varamedlem styret Oslo trygdekontor 1979–83]] Formann Oslo FpU 1978–84 Gruppeleiar Oslo Framstegpartis bystyregruppe 1982–90 og 1992–94

Andre verv Styremedlem kontoret for fri rettshjelp, Oslo 1979–82 Grønland Byfornyelse A/S 1983–87 Varamedlem Kringkastingsrådet frå 1989 Styremedlem Norges Bandyforbund 1987–88 Hovudkomiteen for lokalforvaltning 1986–88 Styrenestleiar Norsk Resirk AS 1996–97

Yrkeskarriere 1977–78: Partifunksjonær FrP 1978–80: Redaksjonssekretær/redaktør, Fremskritt 1984–87: Kommunalråd 1988–90: Varaordførar 1990–91: Ordførar 1992–95: Komitéleiar samferdsels- og miljøkomiteen 1995–96: Konsulent 1996–98: Adm. Dir. Norges Dagligvarehandels Forbund

Referansar

Bakgrunnsstoff Biografi - Stortinget.no Oslo Kommune Byrådsavdeling for miljø og samferdsel

Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:FrP-ordførarar i Oslo Kategori:Leiarar av Framstegspartiets Ungdom