Sonja Irene Sjøli () er ei norsk jordmor og Høgre-politikar. Ho blei vald inn på Stortinget for Akershus fylke i 1997 og var 2. vararepresentant i perioden 1993–2007.

Frå 1979 til 1987 var Sjøli kommunestyremedlem i Eidsvoll, og på nytt frå 1999 til 2001, dei første åtte åra også som formannskapsmedlem. Ho var leiar i Akershus Høgre 1994–2003, medlem av Høgres sentralstyre i same periode, og var leiar av det kvinnepolitiske utvalet til Høgre 1998–2000.

Sjøli er utdanna sjukepleiar frå Hedmark sjukepleiarhøgskole (1971) og jordmor frå Statens Jordmorhøgskole (1976). Ho har også studert kunsthistorie og sosiologi, og har arbeidd ved sjukehuset i Stensby, i Eidsvoll kommune og ved universitetssjukehuset i Akershus. Ho var redaktør av Tidsskrift for jordmødre 1987–1989, og var vald til leiar av Den norske Jordmorforening 1989–1993, visepresident i International Confederation of Midwives 1990–1993, i tillegg som arbeidande president i sistnemnde 1993–1997. Rådsleiar for Kvinneuniversitetet i Løten 2001–2002.

Ho mottok Paul Harris Fellow-medaljen frå Rotary i 1998, og vart æresmedlem i Den norske Jordmorforening i 1999. Ho har laga undervisningsfilm, og delteke i ei rekkje offentlege utval.

Stortingets presidentskap 2001–2005 visesekretær i Stortinget

Stortingskomitear 2005–: medlem i Helse- og omsorgskomiteen 2005–09: 2. nestleiar i Fullmaktskomiteen 2005–: medlem i Valkomiteen 2001–05: leder i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen 2001–05: medlem i Fullmaktskomiteen 2001–05: varamedlem i Den utvida utanrikskomiteen 2001–05: varamedlem i Valkomiteen 1997–2001: medlem i Sosialkomiteen

Bakgrunnsstoff Sonja Irene Sjøli hos Stortinget Sonja Irene Sjøli hos Høgre

Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Lokalpolitikarar i Eidsvoll Kategori:Høgrepolitikarar i Akershus Kategori:Norske sjukepleiarar Kategori:Folk frå Hamar