Ulf Erik Knudsen () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 1997.

Knudsen er den kulturpolitiske talsmannen til partiet. Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt 1986-1989, og har mellom anna arbeidd i reklamebyrå, som journalist i Morgenbladet 1989-93, og som konsulent i Aetat 1994-97.

Han var medlem av Drammen bystyre 1987-99 og 2003-2011, og formannskapsmedlem 1995-99. Han var varamedlem i Buskerud fylkesting 1987-1991, og fylkesleiar i Framstegspartiet i Buskerud 1995-98 og frå 2007.

Stortingskomitear 2009–2013 medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen. 2005–2009 medlem av Familie- og kulturkomiteen. 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. 1997–2001 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Lokalpolitikarar i Drammen Kategori:FrP-politikarar i Buskerud Kategori:Folk frå Drammen