Wenche Olsen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget for Østfold fylke i 2009, og sit i helse- og omsorgskomiteen

Olsen har vore medlem av Halden kommunestyre sidan 1999. Ho var varaordførar i Halden frå 2007 til 2009 og var i ein periode fungerande ordførar.

Wenche Olsen har yrkesmessig i hovudsak vore knytt til sjukehuset i Halden/ i Østfold, der ho starta som reinhaldar i 1982 og vart avdelingssjef for reinhald og tekstil i 1999. Ho har vore leiar av LO i Halden. Som fagleg tillitsvalt og politikar har ho mellom anna engasjert seg for nytt sjukehus i Halden.

Bakgrunnsstoff Biografi - Stortinget.no

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Folk frå Halden